Vassforskrifta:

Føremålet med vassforskrifta er ”å gi rammer for fastsettelse av miljømål som skal sikre en mest mulig helhetlig beskyttelse og bærekraftig bruk av vannforekomstene”. Generelt er målet at alle vassførekomstar skal ha minst økologisk og kjemisk god tilstand innan 2020. Fleire av vassførekomstane i Tysvær oppnår per i dag ikkje god nok miljøtilstand, og dette må det arbeidast vidare med.

Heile landet er delt inn i vassregionar og vassområder. Tysvær er med i Rogaland vassregion, og Haugaland vassområde.

Vannportalen kan ein lese meir om arbeidet med vassforskrifta.

Dokumenter:

Inngrep langs/i vassdrag:

I vassressurslova § 8  står det at ingen må iverksetta vassdragstiltak som kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for nokon allmenne interesser utan løyve. Allmenne interesser er også naturverdiar. Det er Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) som skal vurdera om tiltaket vil få så store konsekvensar at det må søkjast om konsesjon. Sjølv om tiltaket er lite må det vurderast om det kan få konsekvens for fisk. Dersom det er anadrom fisk (laks og aure) i vassdraget er det Fylkesmannen i Rogaland som behandlar søknaden. Dersom det er innlandsfisk i vassdraget er det fylkeskommunen som skal behandle søknaden, og dersom det ikkje er fisk i vassdraget er det kommunen som skal vurdera saka.

I vassressurslova står det også at langs bredda av vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit begrensa naturleg vegetasjonsbelte som motverkar avrenning og gir levestad for planter og dyr. Denne vegetasjonssona er viktig for å ivareta kvalitetane i vassdraget.

Det er laga eit søknadsskjema som kan vera til hjelp ved mindre tiltak tiltak i vassdrag, så som mindre omleggingar, mindre lukkingar, etc.

Lovverk:

Algeoppblomstring/cyanobakteriar:

Særleg i næringsrike vatn har det skjedd at ein har fått oppblomstring av potensielt giftige cyanobakteriar, også kalla blågrønne algar. Dette visar seg ofte som ei ofte skarp grøn/blå blomstring i vatnet. Ved mistanke kan ein ta kontakt med kommunen. Ein må ikkje drikke, bade eller la dyr drikke av vatnet, då dette kan vere giftig.

Meir informasjon kan ein få på Folkehelseinstituttet sine nettsider.
Og i denne brosjyra.