Biologisk mangfald er mangfald på omfattar mangfald av økosystem, artar og genetisk variasjon mellom desse.

Raudelista artar:

Norsk raudliste 2015 er den offisielle lista over artar som er trua i Noreg. Desse er delt inn i følgjande kategoriar;

  • RE: Regionalt utrydda
  • CR: Kritisk trua
  • EN: Sterkt trua
  • VU: Sårbar
  • NT: Nær trua
  • DD: Dårleg datagrunnlag
  • LC: Utanfor fare

Artar som er i kategorien CR, EN og VU er rekna som ”raudelista”. IUCN er den internasjonale raudelistevurderinga. Meir om raudelista artar kan ein sjå på Artsdatabanken si nettside.

Framande artar:

I motsatt ende av skalaen har ein dei framanda artane. Dette er artar som er ført vekk i frå dei områda dei naturleg høyrer heime. Når ein framand art truar det stadeigna biologiske mangfaldet og/eller truar helsa til husdyr eller nytteplanter, er det ein framand skadeleg art. Meir om framanda artar kan ein lese på Artsdatabanken si nettside

Det er utarbeida ein handlingsplan mot framande skadelege artar i Rogaland. 
Hageselskapet og fylkesmannen har også utarbeida brosjyra ”Hagerømlingar” som har mykje nyttig informasjon.

Verneområde:

Det er fleire områder i Tysvær som er verna. Områda som er verna etter den tidlegare verneforskrifta er det Fylkesmannen i Rogaland som har ansvaret for. I tillegg ligg det eit verna vassdrag i kommunen ”Haugevassdraget”. Dette er verna gjennom rikspolitiske retningslinjer.

Utvalgte naturtypar og prioriterte artar:

Gjennom naturmangfaldlova er det opna for at det gjennom forskrift kan definast ”utvalgte naturtypar” og ”prioriterte artar”. At ein naturtype er utvalgt gir eit ekstra vern, men ikkje like sterkt som eit verneområde. I Tysvær er dei utvalgte naturtypane kystlynghei og hole eiketre registert.

Artsobservasjonar:

Gjennom Artsdatabanken si kartløysning ”Artsobservasjonar” kan både frivillige og profesjonelle melde inn observasjonar av arter.  Kommunen nyttar blant anna desse resultata i samband med arealplanlegging.

Kartbasar:

I Miljødirektoratet sin kartdatabase ”Naturbase” kan ein få oversikt over dei naturkarttypeleggingane som er gjort i Tysvær kommune. Her ligg også verneområder og dei utvalgte naturtypane.
Kartdatabasen har også mykje nyttig informasjon.

Rapportar:

I 2018 kartla Rådgivende Biologer på oppdrag frå Tysvær kommune sjøaurebekkar i Skjoldafjorden. Prosjektet var støtta av Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune, og var eit samarbeid med Tysvær Jeger og Fiskeforening og Haugaland vannområde. Rapporten kan du lese her; "Habitatkartlegging og forslag til tiltak for sjøørret i vassdrag ved Skjoldafjorden".

I 2018 kartla Rådgivende Biologer på oppdrag frå Tysvær kommune Årvikelva. Prosjektet var støtta av Fylkesmannen i Rogaland, og rapporten kan du lese her "Kartlegging av habitat for laks, sjøørret og elvemusling i Årvikelva i Tysvær kommune". I Årvikelva lever den einaste kjente bestanden i kommunen av den raudelista elvemuslingen.