Allemannsretten er eit gratis fellesgode og er blant dei viktigaste føresetnadene for utøving av friluftsliv i Noreg. Allemannsretten gjeld i utmark. Alllemannsretten er eit opphald- og ferdselsrett. Han gjev òg rett til å høste t.d. bær, sopp og blomar.

I utmark kan du ferdast overalt til fots og på ski og raste kvar du vil. Overnatting under åpen himmel eller telting er tillate i utmark, men ikke nærare enn 150 meter frå hus eller hytte. Skal du ligge meir enn to døgn på same stad, må grunneigar gje tillatelse. Utan grunneigar sitt samtykke kan du likevel telte når dette skjer langt frå hus og på høgfjellet.

Som brukar av allemannsretten har du også plikter. Einkvar skal opptre hensynsfullt og varsomt og ikkje bidra til skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre. Ta også hensyn til miljøet. Alle må rydde opp etter seg og ikkje etterlate staden i ein slik tilstand at det verkar skjemmande. Uansett korleis du ferdast, skal du vise hensyn og ikkje skade eller unødig forstyrre husdyr, natur eller vilt.

Les meir om allemannsretten på Miljødirektoratet sin nettsider.

Her finn du reglar for bandtvang i Tysvær kommune.

Lovverk: