Tysvær kommune er ein Miljøfyrtårn-kommune. Miljøfyrtårn er ei miljøsertifiseringsordning som er berekna verksemder i offentleg og privat sektor. Verksemda må innfri generelle krav og spesielle bransjekrav innan avfall, energi, transport, innkjøp, og arbeidsmiljø for å få Miljøfyrtårn-sertifikatet. Miljøsertifiseringa skal hjelpe verksemder å drive miljøvennleg og lønnsamt.

Du kan lese meir om Miljøfyrtårn på www.miljofyrtarn.no

Tysvær kommune har sertifiseringsmynde. Oversikt over godkjente konsulentar finn ein her.

Rådhuset i Tysvær har vært Miljøfyrtårn sidan 2007. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i meir informasjon.

Fyrtarn

Grønt Flagg:

Grønt flagg er ei internasjonal miljøsertifiseringsordning som rettar seg mot barnehagar og skular. Formålet med Grønt Flagg er å sikre berekraftig utvikling gjennom undervisning. Du kan lese meir om Grønt Flagg her