Jordlova har reglar om omdisponering av dyrka jord og om deling av landbrukseigedom. Det er eit landbrukspolitisk mål å sikra og samla ressursane på bruket for noverande og framtidige eigarar.

Det er eit politisk ønskje om å styrka ressursgrunnlaget på dei enkelte driftseiningane i landbruket slik at dei kan oppretthaldast som aktive bruk også i framtida. Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikra matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønskjer å bruka dyrka jord til anna enn jordbruksproduksjon, må hen derfor søkja om løyve til dette.

Omdisponering av dyrka og dyrkbar mark skjer ved at kommunen vedtar planar etter plan- og bygningslova om at arealet skal brukast til anna enn landbruk. Det kan òg skje ved at enkeltpersoner etter reglane i jordlova søkjar om å bruka heile eller delar av eigedomen til noko anna enn landbruksproduksjon. I tettstadsnære område skal bruken av areala som hovudregel regulerast av plan- og bygningsloven.

Skogplanting på dyrka jord krev samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, medan skogplanting på dyrkbar jord ikkje krev eit slikt løyve. Det sistnemnte er på grunn av at skogarealet kan tilbakeførast til jordbruksproduksjon.

Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønskjer å overdra delar av eigedomen til nokon andre, for eksempel ei tomt, er det naudsynt med samtykke frå landbruksmyndigheitene. Søknad om løyve til deling av landbrukseigedomar skal sendast til kommunen der eigedomen ligg.

Dersom føremålet med deling gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter § 9, kan delingssamtykke ikkje gjevast utan at det er gitt samtykke til omdisponering.

Etter jordlova § 12 sjette ledd er ein eigedom beståande av fleire matrikkelnumre, og også eventuelle sameigeandelar, i utgangspunktet å rekna for éin eigedom, slik at det må søkjast delingssamtykke for å kunna selja unna enkelte matrikkelnumre i driftseininga.

Les meir på: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/omdisponering-og-deling

Det er gebyr for handsaming av delingssaker: https://www.tysver.kommune.no/okonomi/gebyr-og-avgifter/gebyr-2019