Odelsrett er dei odelsrettkomne sin rett til å krevja odelsgarden tilbake når garden blir seld ut av slekta. Odelsretten kan òg brukast dersom nokon med dårlegare odelsprioritet enn deg overtek garden. For å bruka odelsrett må du gå til odelsløysningssak ved tingretten der eigedomen ligg.

Åsetesretten er ein rett livsarvingane (borna og barneborna) til eigaren av odlingsjord eller odelsjord har til å krevja å få arva eigedomen udelt når eigaren døyr. Denne retten kan berre brukast på dødsbuskiftet, ikkje elles. Prioriteten mellom livsarvingane avgjer kven av dei som kan bruka åsetesretten.

Ein odelseigedom er ein eigedom som er stor nok til å odlast, og kor slekta har eigt eigedomen i 20 år. Eigedomar som kan odlast må ha meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller meir enn 500 dekar produktiv skog. Frå 1. september 2017 blei arealgrensa heva frå 25 dekar til 35 dekar.

Når førstemann i ei slekt kjøper ein eigedom som kan odlast, byrjar odelshevdstida på 20 år. Då kallast garden odlingsjord. Etter 20 år har eigedomen blitt odelsjord – altså ein odelsgard. På odlingsjord er det bare åsetesrett, mens på odelsjord er det både åsetes- og odelsrett.

Les meir på: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/odel