Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av eigedom med jordbruksareal driveplikt i hele eigartida. Dette gjeld alle som eig slik eigedom frå 1. juli 2009. Driveplikta kan oppfyllast ved at eigaren driv sjølv eller ved bortleige. I sameiger har kvar enkelt sameigar driveplikt.

Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dersom eigedomen har slikt areal, er det driveplikt på den, uansett kor stort arealet er. Driveplikta varar gjennom heile eigartida, frå du blir eigar og til du overdrar eigedomen til nokon andre. Driveplikta gjeld ikkje skog. For skog gjeld skogbruklova.

Driveplikta kan oppfyllast på to måtar - personleg oppfylling og oppfylling ved bortleige. Innan 1 år frå man tek over eigedomen må eigaren bestemma seg for om han ønskjer å driva jorda sjølv eller å oppfylla ved bortleige. Jorda må leigast bort i minst 10 år av gongen. Avtalen om bortleige må vera skriftleg og uoppseieleg frå eigar si side. I tillegg må den føra til driftsmessige gode løysningar. Avtalar som ikkje oppfyller desse krava, kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller overfor myndigheitene. Når avtalen er inngått, skal eigar senda kopi av avtalen til kommunen. Dersom du er i tvil om bortleigeavtalen tilfredsstiller lovkrava, kan du venda deg til kommunen på førehand. Sjølv om avtala er uoppseieleg frå eigar si side, kan eigar heva avtalen dersom leigar misheld avtalen.

Det kan søkjast om fritak frå driveplikta. Søknaden skal sendes kommunen. Ved avgjersle av ein søknad om fritak skal det leggjast vekt på kor viktig det er å halda jordbruksarealet i hevd, størrelsen på arealet, avkastningsevna og om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området. Det skal også leggjast vekt på søkjaren si livssituasjon. Kommunen kan lempa på krava til avtalen si lengde og at avtalen må innebera ei driftsmessig god løysning.

Dersom eigaren ikkje driv jordbruksarealet sjølv, ikkje har leigt bort jorda eller bortleigeavtalen fører til driftsmessig uheldige løysningar, kan kommunen påleggja eigaren å leiga bort jorda for minst 10 år. Det kan også gjevast pålegg om skogplanting eller andre tiltak av omsyn til kulturlandskapet. Kommunen kan be fylkesmannen ilegga eigaren av eigedomen tvangsgebyr.

Les om jordleigeprisar her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/jordleiepriser

>> Eksempel på jordleigeavtale