Buplikt betyr at nokon må bu på ein eigedom. Det kan vera buplikt på landbrukseigedomar, og på andre eigedomar. I nokre tilfelle følgjer det av lova at det er buplikt på ein eigedom. I andre tilfelle kan kommunen bestemma at det er buplikt på eigedomen, anten ved forskrift, eller i den enkelte sak.

Buplikt kan setjast som vilkår for konsesjon. Kommunen skal ut frå omsynet til busetjing, heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det er påkravd å stilla vilkår om buplikt, om buplikta skal vera ei personleg plikt for eigar, og kor lenge buplikta eventuelt skal vara.

Personleg buplikt betyr at ervervar må bu der sjølv. Personleg buplikt oppfyllast ved at den buplikta gjeld, er registrert som busett på eigedomen i Folkeregisteret. Upersonlig buplikt betyr at nokon må bu på eigedomen, men at dette ikkje treng å vera ervervar sjølv. Upersonleg buplikt oppfyllast dermed ved at nokon er registrert som busett på eigedomen i Folkeregisteret.

Det er ikkje buplikt på konsesjonsfrie erverv. Frå dette gjeld eit unntak: Eigedom det er bygg på der fulldyrka og overflatedyrka jord på eigedomen er meir enn 35 dekar, eller der eigedomen består av meir enn 500 dekar produktiv skog, kan ervervast konsesjonsfritt på grunn av odelsrett eller slektskap. Arealgrensa blei heva frå 25 til 35 dekar 1. september 2017. Det er eit vilkår at eigedomen har eit hus som er eller har vært i bruk som heilårsbustad, eller at det er hus under oppføring på eigedomen, og løyvet til oppføringa er gjeve med sikte på bustadformål. Konsesjonsfridomen er i slike tilfelle avhengig av at ervervar busett seg på eigedomen innan eitt år og bur der sjølv i minst 5 år. For slike eigedomar er altså buplikta personleg.

Kommunen har ansvar for å kontrollera og følgja opp brot på buplikta. Brot på buplikta kan føra til at eigedomen blir tvangsseld.