Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav legg føringar for kor mykje areal eit føretak må disponere ut ifrå tal dyr som er på bruket. Fulldyrka og overflatedyrka areal blir automatisk godkjent som spreieareal.

Dersom føretaket ikkje har tilstrekkeleg med dyrka areal, gir forskrifta rom for å godkjenne innmarksbeite som spreieareal. Kommunen kan etter søknad godkjenne innmarksbeite som spreieareal. I avgjerder om godkjenning av spreieareal skal kommunen gjere vurderingar etter naturmangfaldlova, vassforskrifta og kulturminnelova. Beitepraksis og tilkomst til areala er og ein del av vurderinga.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Søknadsskjema

pdf Søknad om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal (15 KB)

Lovverk

Gjødselvareforskrifta