Autorisasjonsbevis for gnagarmiddel

Frå 15. oktober 2018 er det opna opp for at også eigarar og leigarar av landbrukseigedom kan bruka nokre av dei profesjonelle gnagarmiddela på eigen eller leigd  landbrukseigedom, dersom dei har eit tilleggskurs i gnagarbekjemping i tillegg til gyldig autorisasjonsbevis for plantevernmiddel.

Kommunen kan utsteda autorisasjonsbevis for gnagarmiddel etter bestått eksamen. 

Ta kontakt med kommunen for informasjon om kurs og utferding av bevis.

Les meir på: https://www.mattilsynet.no/planter_og_dyrking/plantevernmidler/gnagermidler/