Produksjons- og avløysartilskot

Produksjons- og avløysartilskot søkjer du digitalt gjennom Altinn: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/produksjonstilskudd-i-jordbruket-og-tilskudd-til-avlosning-ved-ferie-og-fritid/

Søknadsfristane er 15. mars med teljedato 1. mars, og 15. oktober med teljedato 1. oktober. Ein kan ikkje levera søknad etter søknadsfristen. Ein kan endra opplysningar i innlevert søknad i 14 dagar etter fristen, utan å få trekk i tilskotet. Ver tidleg ute med å søkja slik at du kan få hjelp av kommunen dersom du står fast. Frist for å leggja inn avløysarutgifter ein har hatt mellom 1. oktober og utgongen av året er 10. januar. Fristen er endeleg og det blir ikkje sendt ut varsel i forkant! Tilskotet blir utbetalt ein gong i året, om lag 20. februar.

Ta kontakt med kommunen dersom du treng hjelp til å søkja. Det er framleis mogleg å søkja på papir, men me ønskjer at flest mogleg skal søkja digitalt. Me hjelper deg gjerne med å søkja!

Les meir på: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/om-produksjonstilskudd