Dersom du ønskjer å dyrka nye areal til jordbruksføremål må du søkja kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Føremålet med forskrifta er å sikra at nydyrking skjer på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskapsverdiane.

Nydyrking kan berre skje etter plan godkjend av kommunen. Planen skal utarbeidast av den som vil setja tiltaket i verk. Søknad om godkjenning av plan for nydyrking leverast til Tysvær kommune.

Les meir på: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/nydyrking

Søknadskjema:
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/nydyrking/skjema