Du kan søkje Innovasjon Norge (IN) om investeringstilskot til nybygg, ombygging (til husdyr eller anna næring) eller fast produksjonsutstyr dersom du har eit lønnsamt prosjekt. Det er også mogleg å søkje lån. For 2019 er det små og mellomstore mjølkebruk med 15-30 årskyr som har prioritet.

Det kan og søkjast tilskot til gjødsellager og investeringar i frukt- og bærdyrking. Ein kan ikkje få støtte til investering for sau og storfekjøttproduksjon. Unntaket er ved generasjonsskifte og for økologiske produsentar der særskilte krav gjeld. Sauefjøs i tre kan unntaksvis få tilskot. Det finst ei eiga ordning for generasjonsskifte der søkjar under 35 år som nyleg har teke over gard kan få tilskot til å fornye driftsapparatet og gjere mindre investeringar. Det finst òg låneordningar for bustadhus på landbrukseigedom og ordningar for investering til tilleggsnæring. Ta kontakt med kommunen, eller les meir her: https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/landbruk/