I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla oppstart av privat detaljregulering for landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande aktivitet i Espevik - planid 201901.

Forslagsstillar er Ecofisk AS, og Multiconsult Norge AS er fagkyndig og utførande rådgjevar. Føremålet med planarbeidet er å omregulere eksisterande industriområde (stein- og grustak) til næringsområde for landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande aktivitet.

Planområdet

Området er plassert ved inngongen til Skjoldafjorden, på austsida av fjorden, like ved Borgøy. Sjå vedlagt oversiktskart. Det er i fleire år drive uttak av stein og grus på området. Denne aktiviteten er i ferd med å avsluttast. Varsla planområde er på 575,7 dekar (daa), sjå vedlagt kart med planavgrensing, og ytterlegare skildring av området i vedlagt planinitiativ. Delar av gnr. 134 bnr. 1 og gnr. 136 bnr. 1 vert omfatta av planen. Plangrensa som vert varsla er noko større enn det som truleg vert endeleg avgrensing i planframlegget. Dette er gjort for å sikre nok areal til dei tiltaka som det er ynskjeleg å gjennomføre i planområdet. I arealdelen til kommuneplanen for Tysvær er området i hovudsak avsett til næringsformål. Planområdet omfattar òg formåla bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhørende strandsone og LNFR. Sjøområdet er vist med hensynssone H560_Gyteområde, og fjellsida nordaust for planområdet er vist med faresone ras- og skredfare.

Melding om konsekvensutgreiing

Formålet med planen er i tråd med arealdelen til kommuneplanen (KPA), og det er utført ei overordna konsekvensutgreiing i samband med KPA. Det vert for planarbeidet stilt krav til konsekvensutgreiing for tema som er særleg viktige for dette prosjektet, med bakgrunn i Forskrift om konsekvensutredninger § 6, vedlegg I nr. 24, om næringsområder med bruksareal over 15.000 m2 . Følgande tema skal vurderast:

- Transport og infrastruktuktur

- Landbruk, fiskeri (bl.a. ref. hensynssone gyteområde)

- Naturgrunnlag og biologisk mangfold

- Landskap, kulturlandskap

- Kulturminne og kulturmiljø

- Miljøkvalitet i jord, vann og luft


Varsel om oppstart vert sendt på høyring til naboar og grunneigarar, aktuelle regionale og statlege mynde, lag og organisasjonar. 

Innspel skal sendast skriftleg på e‐post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., eller i brevform til:

Multiconsult Norge AS avd. Stord
Kunnskapshuset, Sæ 132
5417 Stord 

Frist for innspel/merknadar: 01.08.2019

Dokumenter i saka:

Varsel om oppstart

Planinitiativ

Oversiktskart

Varslingsgrense - kart

Oppstartsmøtereferat

Adresseliste