Norges- vassdrag og energidirektorat (NVE) har sendt på høyring søknad frå Statnett om etablering av ny 420 kV linje mellom Blåfalli i Kvinnherad kommune og Gismarvik i Tysvær kommune. Omsøkte leidningstraséar går gjennom Kvinnherad, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar.

Statnett grunngjev søknaden med at dagens nett som forsyner Haugalandet er gamalt, samstundes som at Haugalandet er eit underskotsområde for straum med mykje industri og lite straumproduksjon. Det er venta ei kraftig forbruksauke på Haugalandet, og utan ein ny leidning vil det ikkje vere driftsmessig forsvarleg å knyte nytt stort forbruk til nettet. 

Statnett søkjer om fleire traséalternativ på enkelte delstrekningar. Leidningen er planlagd til å vere 85-95 km lang avhengig av traséval. Statnett søkjer óg om å byggje og drive ein ny transformatorstasjon i Gismarvik i Tysvær kommune, og å utvide Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad kommune. 

Grunna smittevernsomsyn blir det ikkje avhalde folkemøte om saka, men NVE vil ha open kontordag i Aksdal:

Måndag 12. oktober mellom klokka 15.00-21.00 på Tysværtunet

Påmelding og tildeling av tid skjer via NVE si nettside

Meir informasjon og dokumenter i saka finn ein også på NVE sine nettsider.

Merknader må sendast inn til NVE og høyringsfrist er 14.12.2020


KV 420 ledning