Kring 1990 arrangerte kulturkontoret i samarbeid med Statsarkivet i Stavanger innsamling av gamle foto i alle skulekrinsane i Tysvær. Mange tysværbuar kom då med fotoalbuma sine.

Til saman avfotograferte ein ca 2000 bilete med mange flotte motiv. Også seinare har ein motteke gamle foto som er blitt avfotograferte. Mange av bileta er brukte i bygdebøkene. Her er bilete frå fest og kvardag, leik og arbeid, samferdsel og møter og mykje meir.

800 lokalhistoriske bilete frå Tysvær er no lagde ut på nettet, slik at alle har anledning til å søke dei opp. Fleire bilete vil komme etterkvart. 

Søket kan du enkelt gjere frå denne sida  

Velg først fylke og kommune. Ein kan også søkje på spesielle tema eller stadnamn, eller la dette feltet stå blankt, - då vil ein få treff på alle bileta.

Ønskjer du ein kopi?
Alle bileta skal vere skanna inn i så god oppløysing at du kan bestille fila direkte frå Tysvær Folkebibliotek. Dersom du vil ha kopi av sjølve negativen frå Statsarkivet i Stavanger må du ta kontakt med dei og oppgje referansenummer som står under kvar bilete (til dømes: Inv.nummer 1989/2TYS36:47).