Ein reguleringsplan er eit kart over eit avgrensa område i ein kommune. Planen skal tydeleg vise framtidig utnytting av området, og gje ei avklaring av kva byggje- og anleggstiltak som kan gjennomførast i området. Til plankartet er det også knytt eit sett med reguleringsføresegner.

Det fins to typar reguleringsplanar: områdereguleringsplanar og detaljreguleringsplanar. Områdereguleringsplanar kan berre utarbeidast i kommunal regi, men detaljreguleringsplanar kan vere både i privat og kommunal regi.

Det er krav om at reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige, sjå plan- og bygningslova § 12-3.

Kommunens områdeplanar vert utarbeida av planavdelinga i samarbeid med rådmanngruppa og kommuneplanutvalet. Kommunale detaljreguleringsplanar vert utarbeida av resultatområde teknisk i samarbeid med relevante partar. Ved endring eller utarbeiding av nye reguleringsplanar vert grunneigarar innan planområde varsla og aktuelle interessehavarar vert invitert til å gje innspel til planarbeidet. Kommunestyre godkjenner reguleringsplanar etter høyring og offentleg ettersyn av planforslaga.

Alle typar reguleringsplanar, både offentlege og private, finn du under planinnsyn external link blue 12px