Formål

  • Kommunen kan gi løyve til å oppretta eigarseksjonar etter eigarseksjonslova
  • Ein eigarseksjon vil vera ei eiga juridisk eining som kan seljast og pantsetjast
  • Bygningar som skal seksjonerast, må vera bygd eller ha rammeløyve.
  • Reseksjonering er endring av seksjonerte eigedomar

Søknaden skal innehalda

  • Søknadsskjema om seksjonering. Skjemaet skal sendast til kommunen i tre eksemplar. Kvart eksemplar skal sendast inn med orginale underskrifter. Dette må leverast /sendast inn i papirform. Skjema må vera underteikna av heimelshavar til eigedomen. Firmaattest må leggjast fram der heimelshavar er eit firma.  pdf Søknad om seksjonering (1.11 MB)
  • Situasjonskart som viser korleis eigedomen skal seksjonerast. Parkering, fellesareal og eventuelt særeige til kvar seksjon, må vera avmerka på kartetutsnittet. I tillegg skal eigedomsgrenser markerast med farge og gbnr. skrivast på kartet. 
  • I tilfeller der ikkje alt uteareal skal vera fellesområde, må du teikna inn på situasjonskartet kva område som skal høyra til kvar seksjon, skriv TG (tilleggsarel grunn) og snr.. Du må ha oppmålingsforretning over sæskilt eigarområde for kvar seksjon. Særskilt eigarområde kan t.d. vera at kvar seksjon skal eiga eigen parkering eller eige hageområde. Dette medfører ekstra kostnad.
  • Teikningar skal syna alle plan og fasadar, med tydeleg markering for kvar seksjon. Det kan med fordel nyttast eigen farge på kvart snr. Alle teikningar skal levarast inn i tre eksemplarer
  • Vedtekter for sameiget må leggjast ved i eitt eksemplar. Kommunen treng kun vedtektene avdi kommunen er forplikta til å passa på at sameiget har vedtekter.

Send søknaden til

Tysvær kommune, pb. 94, 5575 Aksdal

Vedtak - matrikkelføring - matrikkelbrev

  • Søknaden blir handsama av kommunen.
  • Det blir fatta vedtak om seksjonering med heimel i eigarsekjoneringslova. Søkjar får skriftleg tilbakemelding når søknaden er godkjent. Dersom søknaden har manglar, blir søkjar varsla skriftleg.
  • Når sekskjoneringa er ført i matrikkelen, sender kommunen dokumenta til tinglysing.
  • Tinglyste papir og matrikkelbrev blir sendt til rekvirent.

Gebyr

  • I saker utan synfaring skal det betalast 3 gonger gjeldande rettsgebyr. Må kommunen ha synfaring, skal det betalast 5 gonger gjeldande rettsgebyr. (1 rettsgebyer = 1150 kr i 2019)
  • I tillegg kjem tinglysingsgebyr (525 kr) og eventuelt gebyr for oppmåling av uteareal (tilleggsdel i grunn).

Kartutsnitt kan du ta ut på Se eiendom eller på Fonnakart. Du kan òg få hjelp til å ta ut kartutsnitt på servicetorget i kommunen

Lovverk:
Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering
Utdjupande informasjon om seksjonering

Namneliste

  • Namneliste over dei som bur i bygningen skal leggjast ved dersom seksjoneringa gjeld ein eksisterande bygning.
  • Namnelista skal gje opplysningar om namn og adresse på alle leigetakerane i bustaden/-er på eigedommen.
  • Kommunen skal bruka disse opplysningane til å orientera alle leigetakerane om kjøperett og høve til å klaga på kommunen sitt seksjoneringsløyve.

Reseksjonering

  • Framgangsmåten for reseksjonering er den same som ved seksjonering. Det skal brukast eige skjema Søknad om reseksjonering må sendast i papirutgåve i treeksemplarer til kommunen. Ein må leggja ved situasjonskart / plan- /fasadeteikningar som viser endringane.
  • Ein seksjon kan delast i to eller fleire seksjonar. Dette kan heimelshavar til seksjonen søkja om.
  • To eller fleire seksjonar kan på same måte slås saman til ein eller fleire seksjonar.
  • Ved reseksjoneringa der oppdeling fører til oppretting av nye fellesarealer, må styret i sameiget senda inn skriftleg samtykke til dette.
  • Medfører oppdelinga opprettelse av nye seksjonar og dermed auke i det samla talet på stemmer i sameiget, må styret avhalde møte i sameiget.  Styret kan deretter eventuelt gje godkjenning, før søknad om reseksjonering kan sendast til kommunen.
  • Skal formålet endrast frå bustad til næring (eller omvendt), må heimelhavar innhenta godkjenning frå sameiget via eit sameigarmøte, før han/ho sender inn søknad om reseksjonering.
  • Den / dei som har tinglyst pant i seksjonane, må gje skriftleg samtykke til reseksjonering.

Oppheving av seksjonering

  • Eigarane av seksjonane kan be skriftleg om oppheving av seksjonane.
  • Alle eventuelle panthaverar må signere på at dei samtykker i oppheving av seksjoneringa.

Lovverk: Eierseksjonsloven