Føremål

Fleire eigedomar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan bli samanslått til ein eigedom, jf. matrikkellova § 18 og pbl. § 21-4.

Sammenslåing kan ikkje tinglysast dersom dette vil føra til prioritetskollisjon mellom panthaverane. Ved sammanslåing blir panteretten utvida til heile eigedomen.

Kven kan rekvirera?

Sammenslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel til eigedomane.

Saksgang

Kommunen kontrollerar at vilkåra for samanslåing er oppfylt.

Dersom vilkåra for samanslåing ikkje er oppfylt, blir kravet sendt i retur til rekvirent med orientering om kva som må gjerast.

Sammenfoyning

Festetomter kan bli samanslått dersom dei ligg på same grunneigedom.
Samanslåing av festetomter kan krevjast av heimelshavar eller festar

Sammenslåing av festetomter kan berre skje dersom festekontraktane for eigedomane er like.

For samanslåing av eigarseksjonar viser me til informasjon om seksjonering og reseksjonering.

Matrikkelføring og tinglysning

Er vilkåra for samanslåing  oppfylt, blir saka ført i matrikkelen.

Melding blir sendt til tinglysing saman med skjema for samanslåing.

Matrikkelbrev

Når kommunen får melding om at samanslåing er tinglyst, blir det laga eit matrikkelbrev som blir sendt til rekvirent.

Gebyr

Det er ikkje gebyr på samanslåing av eigendomar.

Meir informasjon

Les meir om samanslåing av eigedomar på Statens kartverk sine nettsidet: