Formål

Merking av grenser der grensemerke har forsvunne i samband med gravearbeid eller liknande. Dette gjeld grensemerke som er koordinatfesta i oppmålingsforretning/ kart-og delingsforretning, og der det allereie er utarbeida matrikkelbrev eller målebrev.

Kven kan rekvirera?

Heimelshaver, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt jf. matrikkeloven§ 17, kan rekvirera nymerking av grenser. I dei tilfella eit firma er eigar, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato.

Rekvisisjonen skal innehalda

Send rekvisisjonen til

Tysvær kommune, Pb. 94. 5575 Aksdal, eller på e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Saksbehandlingstid

  • Oppmålingsmyndigheiten har i følgje lov, 16 vekers frist for å gjennomføre nymerkinga.
  • Når det gjeld tidsfrist stoppar tida opp, dersom rekvirent må skaffe tilleggsopplysningar for at nymerkinga skal kunne gjennomførast. Tida går att når tilleggsinformasjon er kommen inn. 

Saksgang – varsling - oppmålingforretning - matrikkelbrev /underretning

  • Dato for oppmålingsforretninga blir avtalt med rekvirent. Naboar og rettigheitshaverar til eigedomen blir varsla minst 2 veker før oppmålingsforretninga skal gjennomførast. Dersom nokon skal møte i staden for ein som er varsla, må dei ha med seg skriftleg fullmakt.
  • Grensepunkt blir merka med godkjente grensemerke, og målt inn med GPS/ totalstasjon. Det blir ført protokoll over kva som er klarlagt og avtalt i oppmålingsforretninga.
  • Etter oppmålingsforretninga blir matrikkelbrev utsendt til rekvirent, og det blir sendt ei underretning til aktuelle partar.

Klageadgang

Nymerking av grenser kan påklagast av berørte partar. Det er 3 vekers klagefrist frå den dato ein har mottatt matrikkelbrev eller underretning jf. §46 i matrikkellova

Pris

Sjå gjeldande gebyrregulativ for Tysvær kommune.