Formål

Klarleggjing av eksisterende grenser, der eiendomsgrensa er uklar eller mangler grensemerke og ikkje er oppmålt tidligare. Grenser som ikkje er oppmålt tilhøyrer eigedomar som er etablert før 1980, og der eigedomen er beskrive med skulddeling. Tysvær kommune har mange eigedommar der ein ikkje veit kor grensa går i det heile tatt i kartet.

Kven kan søkja?

Grunneigar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som er gjeve fullmakt kan krevja klarlegging av eksisterande grenser. I dei tilfella der eit firma er eigar av eigedomen, eller har fullmakt, må det vedlegges firmaattest av nyare dato. Den som ved rettskraftig avgjerd ved domstolane er kjent som eigar eller festar, eller er tilkjent rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining.

Søknad skal innehalda:


Send søknaden til

Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 AKSDAL eller send e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Saksbehandlingstid:

  • Oppmålingsmyndigheita har i følgje lov, 16 vekers frist for å utføra klarlegging av eksisterande grenser.
  • Når det gjeld tidsfrist stoppar tida opp, dersom rekvirent må skaffe tilleggsopplysningar for at klarleggjinga skal kunne gjennomførast. Tida går att når tilleggsinformasjon er kommen inn.


Saksgang – varsling – oppmålingsforretning – matrikkelbrev / underretning

  • Dato for oppmålingsforretninga blir avtalt med rekvirent. Naboar og rettigheitshavarar til eigedomen blir varsla minst 2 veker før oppmålingsforretninga skal haldast. Kortare varsel enn to veker kan avtalast enten pr. telefon eller pr. e-post.
  • Dersom ein skal møta i staden for nokon som er varsla, må vedkommande ha med seg skriftleg fullmakt frå heimelshavar(ar).
  • Under oppmålingsforretninga er det partane sjølve som påviser eigne grenser i samsvar med søknad. Oppmålingsmyndigheitene opptrer som nøytral part, men skal hjelpa til med å kontrollera at grensepåvisninga skjer i samsvar med søknad, tinglyste målebrev, skulddelingar og andre relevante sakspapirer.
  • Nytt/nye grensepunkt blir merka med godkjent(e) grensemerke, og målt inn med GPS/ totalstasjon.
  • Det blir ført protokoll under forretninga. Denne gjengir kva som er utført og avtalt under oppmålingsforretninga.
  • Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført, blir klarlagt grenselinje(r) ført inn i matrikkelen.
  • Rekvirent får tilsendt matrikkelbrev, og berørte part(ar) får tilsendt ei underretning.

Klarlegging av eksisterende grenser krev ikkje tinglysing.  

Klageadgang

Klarleggjing av eksisterende grenser kan påklagast av berørte parter. Det er tre vekers klagefrist frå den dato ein har mottatt matrikkelbrev eller underretning jf.§ 46 i matrikkelloven

Pris:

Sjå gjeldande gebyrregulativ for Tysvær kommune

Retting i matrikkelen

Oppmålingsmyndigheita tilrår ikkje retting i kartet utan rekvisisjon av oppmålingforretning, då kvaliteten på grensegangen framleis vil være dårleg. Viss du har planer om å senda inn nokon form for byggjesøknad, vil du bli pålagt å få utført en klarlegging av dine grenser, før denne blir godkjent

Det kan allikevel utførast retting i matrikkelen for grenselinjer som er teikna feil inn i kartet. Det er eige søknadskjema for dette (link Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen). Alle berørte parter må signera på skjemaet. I tillegg må det leggjast ved eit kart som syner partane sine rette eiendomsgrenser og med kopi av dokumentasjon. Denne tenesta er gratis.