Formål

For å retta opp ulagelege grenser mellom eigedomar kan det utførast ei grensejustering. Grensejustering er overføring av mindre areal mellom to eller fleire matrikkeleiningar (eigedomar) som har felles grensegang. For overføring av større areal, sjå frådeling. Grensejustering krev oppmålingsforretning.

Kven kan søkja?

Grensejustering kan søkjast om av grunneigar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fått fullmakt. I dei tilfella der eit firma er eigar av eigedomen eller har fullmakt, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato. I tillegg kan den som gjennom rettskraftig dom er kjent som eigar til den del av eigedommen som det er ønskje om å overføra, søkja.

Vilkår for gjennomføring av grensejustering:

  • Arealet for dei involverte matrikkeleinigane kan aukast eller reduserast med maks 5 % av arealet til den minste av eigendomane som er involvert i grensejusteringa.
  • Maksimal endring er 500m2. Ein eigedom kan likevel ikkje avgi areal som i sum overstiger 20% av eigedomen sitt areal, før justeringa.
  • Verdien av overført areal kan ikkje vera over 1 G (grunnbeløpet i folketrygda)

Søknad skal innehalda:

Send søknaden til:

Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 AKSDAL

Eller: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Saksgang – godkjenning av søknad – teoretisk lovleg grensejustering  – oppmålingsforretning - matrikkelbrev

Godkjenning /teoretisk lovleg grensejustering

  • Når søknad om grensejustering kjem inn til kommunen, vil ein oppmålingsingeniør gå gjennom søknaden og sjekke om grensejusteringen kan gjennomførast i samsvar med
    matrikkelloven § 16 og matrikkelforskrifta § 34, samt opp mot gjeldane reguleringsplan og kommuneplan.
  • Saksbehandlar kontrollerar òg om det tidlegare har vore utført grensejustering på eigedomane. I så tilfelle kontrollerar han om arealet som er oppgitt/ny grenselinje i søknaden som er teikna inn ligg innanfor vilkåra (sjå vilkår over.) Oppmålingsingeniøren vil koordinatfesta teoretisk maksimalt lovleg grensejusteringsareal som grunnlag for grensejusteringa

Oppmålingforretning.

  • Dato for oppmålingsforretninga blir avtalt med rekvirent. Naboar og rettigheitshavarar til eigedommen blir varsla minst 2 veker før oppmålingsforretninga skal haldast. Kortare varsel enn to veker kan avtalast anten pr. telefon eller pr. e-post.
  • Dersom ein skal møta i staden for nokon som er varsla, må vedkommande ha med seg skriftleg fullmakt frå heimelshavar(ar).
  • Eksisterende grenser som ikkje er oppmålt ved tidlegare forretning(ar) blir klarlagt og innmålte. Her er det partene sjølve som skal påvisa eigne grenser i samsvar med skulddelings-papirer/avtalar og påstandar for å oppnå semje om grensegang før grensejusteringa.
    Grensejustering kan ikkje utførast ut frå usikre grenser.

Teoretisk lovleg justering

  • Dersom søknaden om grensejustering overskrid vilkåra for lovleg maksimal grensejustering, sjå vilkår over, syner oppmålingsingeniøren partane kva som er mogeleg å få til.
  • Dersom alle er samde om ny grensjustering, blir ny grensegang markert.

Matrikkelbrev

  • Når nye grensemerke for eksisterande og justert grenselinje(r) er satt ned og innmålt med GPS/totalstasjon, blir disse matrikkelført og lagt inn i eigedomskartet.
  • Matrikkelbrev blir sendt til rekvirent og berørte part. Partar som får nye grensemerke /punkt på si grenselinja får underretning om dette.

Saksbehandlingstid:

  • Oppmålingsmyndigheita har i følgje lov, 16 vekers frist for å gjennomføra grensejustering, når fullstendig rekvisisjon er mottatt.
  • Når det gjeld tidsfrist stoppar tida opp, dersom rekvirent må skaffe tilleggsopplysningar for at grensejusteringa skal kunne gjennomførast. Tida går att når tilleggsinformasjon er kommen inn.

Klageadgang:

Grensejustering kan påklagast av berørte partar. Det er 3 vekers klagefrist frå den dato ein har mottatt matrikkelbrev eller underretning jf. §46 i matrikkellova.

Pris:

Sjå gjeldane gebyrregulativ for Tysvær kommune