Formål

Når ein opprettar ny grunneigedom blir eit areal frå ein eksisterande eigedom frådelt, oppmålt og gjeve eit eige matrikkelnummer (gbnr./bnr.). Den nye eigedommen blir ført i matrikkelen, tinglyst og registrert i eigedomskartet. For å få frådelt ny grunneigedom, må det søkjast delingstillatelse etter plan og bygningsloven §20-1

Når det gjelder festetomter så er saksgangen lik som ved frådeling av grunneigedom, men skilnaden er at det er ein grunneigar og ein festar som er heimelshavarar. Grunneigaren eig tomta, medan festaren festar tomta. Tomta har i tillegg til gbnr. òg eit festenr.

Kven kan søkja?

Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning, kan gjerast av grunneigar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fått fullmakt. I dei tilfella der eit firma som er eigar av eigedommen eller har fullmakt, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato.

Søknaden skal innehalda:

Slik sender du nabovarsel:
Nabovarsel (blankett nr. 5154) sender du til berørte naboar i samsvar med naboliste. Naboliste kan du bestille frå servicetorget på rådhuset eller Ambita. Hugs å leggja ved kartskisse som syner grensegang, når du sender ut nabovarsel.

Send søknaden til:

Tysvær kommune, Pb.94, 5575 Aksdal

Eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Saksgang – vedtak – oppmålingsforretning – matrikkelbrev- skøyte

  • Når søknaden er registrert, blir det gjennomført ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, blir søkjar orientert om dette.
  • Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, sender kommunen søknaden til disse. Dersom den aktuelle eigedommen er ein landbrukseigedom, må søknaden behandlast av styresmaktene for landbruk etter jordlova § 12.
  • Vedtaket blir gjort med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjar, og kopi blir sendt til eventuelle partar som har klaga på søknaden. Det er 3 vekers klagefrist på vedtaket.
  • Når klagefristen er gått ut, blir saka sendt vidare til oppmålingsavdelinga for oppmålingsforretning.
  • Dato for oppmålingsforretninga blir avtalt med rekvirent. Naboar og rettigheitshavarar til eigedommen blir varsla minst 2 veker før oppmålingsforretninga skal haldast. Kortare varsel enn to veker kan avtalast anten pr. telefon eller pr. e-post.
  • Dersom ein skal møta i staden for nokon som er varsla, må vedkommande ha med seg skriftleg fullmakt frå heimelshavar(ar).
  • På oppmålingsforretninga er det partene sjølve som skal påvise sine grenser i samsvar med søknad. Oppmålingsmyndigheitene som utfører forretninga opptrer som nøytral part, men skal kontrollera at grensepåvisninga/frådelingen blir utført i samsvar med tinglyste målebrev, skulddelingar og andre relevante sakspapirer.
  • Grensene blir merka med godkjente grensemerker, som blir målt inn med GPS/totalstasjon. Alt som blir utført og avtalt i oppmålingsforretninga blir protokollført.
  • Det blir så sendt melding til tinglysinga.
  • Når den nye grunneigedommen er tinglyst, blir matrikkelbrev sendt til rekvirent av forretninga. Det blir samstundes sendt underretning til berørte partar.
  • Rekvirent og eventuell kjøpar/overtakar av grunneigedom kan nå skriva skøyte på det nye gbnr./bnr.

Skjema til skøyte finn du på Statens kartverk si heimesida: https://www.kartverket.no/eiendom/tinglyse-eierskifte/skjote/

Du kan lese meir om tinglysing på: https://www.kartverket.no/tinglysing/

Saksbehandlingstid:

  • Etter vedtak frå forvaltning er fatta, er det klagefrist på 3 veker.
  • Når klagefristen er gått ut, blir saka sendt vidare til oppmålingsavdelinga.
  • Oppmålingsmyndigheita har i høve til lov, 16 vekers frist for å gjennomføra frådelinga.
  • Når det gjeld tidsfrist stoppar tida opp, dersom rekvirent må skaffe tilleggsopplysningar for at frådelinga skal kunne gjennomførast. Tida går att når tilleggsinformasjon er kommen inn.

Klagegang:

Frådeling av ny grunneiendom kan påklagast av berørte parter. Det er tre vekers klagefrist frå den dato ein har mottatt matrikkelbrev eller underretning jf.§ 46 i matrikkelloven

Pris:

Sjå gjeldande gebyrregulativ for Tysvær kommune. I tillegg kjem saksbehandlingsgebyr etter PBL §20-1.