Formål

Arealoverføring opnar for å overføra større areal mellom to eigedommar, enn det som er tillate ved grensejustering. Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova §20-1

Kven kan søkja om arealoverføring?

Heimelshaver, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt jf. matrikkeloven§ 17, kan rekvirera nymerking av grenser. I dei tilfella eit firma er eigar, må det leggjast ved firmaattest av nyare dato.

Søknad skal innehalda:

Slik sender du nabovarsel:

«Nabovarsel (blankett nr. 5154) sender du til berørte naboar i samsvar med naboliste. Naboliste kan du bestilla frå servicetorget på rådhuset eller Ambita. Hugs å leggja ved kartskisse som syner grensegang, når du sender ut nabovarsel.

Send søknaden til:

Tysvær kommune
Pb. 94
5575 Aksdal

Saksgang – godkjenning av søknad – vedtak - oppmålingsforretning

  • Når søknaden er registrert, blir det gjennomført ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, blir søkjar orientert om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, sender kommunen søknaden til disse.
  • Dersom den aktuelle eigedomen er ein landbrukseigedom, må søknaden handsamast av styresmaktene for landbruk etter jordlova § 12.
  • Vedtaket blir gjort med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjar og kopi blir sendt til eventuelle partar som har klaga på søknaden. Det er 3 veker klagefrist på vedtaket.
  • Etter at klagefristen er utgått, blir saka sendt vidare til oppmålingsavdelinga for oppmålingsforretning.

Kva må vera i orden før oppmålingsforretning?

  • Eventuelle bruksrettar i avgivareigedommen må avklarast i høve til mottakareigedom.
  • Er det pant i avgivareigedommen, må det liggja føre pantefråfall frå pantehaver(ar), erklæring om pantefråfall. Det må ryddast opp i eventuelle pant/ pengehefte slik at det ikkje er prioritetskollisjon på dei aktuelle eigedomane.

(Prioritetskollisjon oppstår når eigedomar har ulike tinglyste pengehefte (f.eks lån) i ulike bankar med ulik prioritet. Heimelshavar(ar) må sjølv(e) ta kontakt med bank(ar), for å få ordna opp med eventuelle pantefråfall og ny tinglyst prioritet på lån. )

 Oppmålingsforretning – tinglysing – matrikkelbrev / underretning

  • Dato for oppmålingsforretninga blir avtalt med rekvirent. Naboar og rettigheitshavarar til eigedommen blir varsla minst 2 veker før oppmålingsforretninga skal haldast.
  • Dersom ein skal møta i staden for nokon som er varsla, må vedkommande ha med seg skriftleg fullmakt frå heimelshavar(ar).
  • Under oppmålingsforretninga er det partane sjølve som påviser eigne grenser i samsvar med søknad. Oppmålingsmyndigheitene opptrer som nøytral part, men skal hjelpa til med å kontrollera at grensepåvisninga skjer i samsvar søknad, tinglyste målebrev, skulddelingar og andre relevante sakspapirer.  Grensepunkt blir merka med godkjente grensemerker, og målt inn med GPS/ totalstasjon.
  • Det blir ført protokoll under forretninga. Denne gjengir kva som er utført og avtalt under oppmålingsforretninga.
  • Etter at oppmålingsforretninga er gjennomført og alle vilkår er oppfylt, blir arealoverføringa ført inn i matrikkelen.
  • Dokumenta blir deretter sendt til statens kartverk for tinglysing.

Dersom tinglysinga ikkje aksepterar marknadsverdien på overført areal eller andre ting i arealoverføringa, blir dokumenta returnerte til partane for retting, før tinglysing.

  • Rekvirent får tilsendt nye matrikkelbrev, og dei andre aktuelle partar får tilsendt ei underretning.

Du kan lesa meir om tinglysing på Statens kartverk

Saksbehandlingstid

  • Etter vedtaket frå forvaltninga er motatt, er klagefristen på 3 veker.
  • Når klagefristen er gått ut, blir saka sendt vidare til oppmålingsavdelinga.
  • Oppmålingsmyndigheita har i følgje lov, 16 vekers frist for å gjennomføra arealoverføringa.
  • Når det gjeld tidsfrist stoppar tida opp, dersom rekvirent må skaffe tilleggsopplysningar for at arealoverføringa skal kunne gjennomførast. Tida går att når tilleggsinformasjon er kommen inn.

Klageadgang etter matrikkelføring

Arealoverføring kan påklagast av berørte partar. Det er 3 vekers klagefrist frå den dato ein har mottatt matrikkelbrev eller underretning jf. §46 i matrikkellova

Pris:

Sjå gjeldande gebyrregulativ  pdf Gebyr avgifter 2019 (895 KB) . Tinglysingsgebyr og behandling etter PBL §20-1 vil kome i tillegg. Arealoverføring utløyser òg dokumentavgift (2.5% av marknadsverdi) til staten.