Kort om kva ei vegadressa er:

Ei vegadresse = eit vegnamn + eit nummer + eventulet ein bokstav + eit brukseiningsnummer.

NB! Alle adresser i Tysvær kommune som endar på veg skal skrivast med –vegen til slutt

Alle adresser har eit brukseiningsnummer – dette fortel kvar i huset brukseininga er plassert. Brukseiningsnummeret treng ein alltid ved melding om flytting. Ein einebustad har alltid brukseingsnummer H0101, medan ein som bur i eit husvære i underetasjen har brukseiningsnummer U0101.

Bokstaven i brukseiningsnummeret fortel kva etasje brukseininga /husværet ligg i. U = underetasje og H = hovudetasje. Dei to første siffera i talet står for etasjenummer og dei to neste står for bueiningsnummer i etasjen. Er det fleire bueiningar i same etasje blir disse nummerert frå venstre og rundt når ein står med ryggen til tilkomsten i etasjen.

Utdjuping om adresseringsprossesen:

Tildeling av gate- eller vegnamn med husnummer. Alle bustader, fritidsbustader, offentlege bygg og bygg nytta til næringsverksemd skal ha ei offisiell adresse. Eventuelle klager blir handsama av kommunen, og endeleg klageinstans er Fylkesmannen.

Tildeling av vegadresse, Matrikkellova:

Med vegadresse meinar ein her eit vegnamn (adressenamn) og eit husnummer (adressenummer) som eintydig viser til ei adresseeining innanfor kommunen. Med adresseeining meiner ein det område, bygning, bygningsdel eller bustad som adressa viser til..

Kart og oppmåling i Tysvær har ansvar for tildeling, endring og registrering av adresser. Kulturstyret fastset namnet på vegen, jf kapittel 4 i forskriftene.

Offisiell adresse kan tildelast alle bygningar som skal nyttast til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tener eit større publikum så langt det er formålstenlig. Ubygde eigedommar kan tildelast adresse. Døme på dette er eigedommar som er planlagt bygt eller område som eit større publikum gjer seg nytte av, t.d. idrettsanlegg.

Adresseeininga skal tildelast adresse til den vegen den har tilkomst frå.

Det er i hovudsak to prinsipp som vert nytta ved adressetildeling:

  1. Tradisjonell vegadressering vert som oftast nytta i tettbygde strøk. Same side av vegen skal anten ha berre partal eller berre oddetal. Det mest vanlege er å ha partal på venstre side og oddetal på høgre side av vegen. Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og ein bør reservere ledige nummer for framtidig utbyggjing. Ein vil difor finna hopp i nummereringa.
  2. Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen. Ei adresseeining som ligg ca. 400m frå der vegen startar, får nummer rundt 40 talet.

Aktuelle lover og forskrifter: