Jordmor i Tysvær er Tiril Grødem Baksaas og Oddrun Vist Johansen

Svangerskapsomsorgen tilstreber at gravide i størst mogleg grad held seg friske gjennom svangerskapet, og føder eit friskt barn med normal vekt til termin.

Gravide kvinner i Tysvær kommune kan velja om dei vil gå til jordmor eller fastlege, eller ein kombinasjon av desse. Det anbefalast 8-9 svangerskapskonsultasjoner, med individuell tilrettelegging

Vi tilbyr:

  • Tidleg samtale, også evt ved planlegging av graviditet
  • Svangerskapskonsultasjonar med ammerettleiing og fødselssamtale
  • Tilvising til spesialisthelsetenesta ved behov
  • Svangerskapskurs, med partnar og omvisning på føde/ barsel avd på Haugesund sykehus.
  • Jordmor hjem
  • Prevensjonsrettleeing med innsetting/uttak av spiral og p-stav
  • Celleprøve
  • Etterkontroll av barselkvinner 6-8 veker etter fødsel