Individuell plan og koordinator

Individuell plan skal bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Ein koordinator skal til ei kvar tid ha hovudansvaret for oppfølginga av tenestemottakaren. Planarbeidet skal ta utgangspunkt brukar sine mål, ressursar og heilskaplege behov.

Kva kan eg få hjelp til?

  • Koordinator som er din kontaktperson og har ansvar for å koordinere de tenestene du mottar
  • Kartlegging av dine ressursar muligheiter og behov og kva hjelpeapparatet, din familie og andre i nettverket ditt kan bidra med
  • Individuell plan som beskriver dine mål og kva som må til får å nå dei

Kven kan få hjelp?

Alle som har behov for langvarig hjelp frå to eller fleire tenester, og som har behov for koordinering av desse, har rett til å få utarbeida ein individuell plan.

Retten til individuell plan er uavhengig av alder, diagnose og funksjon

Dette skal sikre:

  • At kommunen samordner det de skal gjøre for deg
  • At du får informasjon om hvilken hjelpe du kan få
  • At du du har kjennskap til kven som skal hjelpe deg
  • At du har kjennskap til når du får hjelp

Kva kan du forvente?

  • Ordninga med individuell plan er frivillig
  • Sjølv om du ikkje ønsker å få utarbeida ein individuell plan kan du be om å få oppnemnt ein koordinator
  • Du skal sjølv være med og bestemme innhaldet i planen
  • Du kan også påverke kven du ønsker som koordinator
  • For barn og unge er det foreldre eller foresatte som er med og bestemmer innhaldet

Lovverk:

Dette er ei lovpålagt teneste etter Lov om Helse og omsorgstenester (Helse- og omsorgstenestelova)

Slik søker du:

Fyll ut søknadskjema: pdf Søknad om Helse og omsorgstenester (104 KB)  

Søknaden skal du sende til: 

Tysvær kommune/Koordinerande eining
Postboks 94
5575 Aksdal

Meir informasjon:

Les meir om Individuell plan hos helsedirektoratet

Kontakt:

Christine Berge Christiansen
Koordinator for habilitering og rehabilitering
Koordinerande eining
Tlf.: 52 75 70 45
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.