Idrettsanlegg i Tysvær

Dei største idrettslaga, som har fotball som største aktivitet, disponerer kvar sitt fotballanlegg med både kunstgras, gras- og grusbanar. Dei andre idrettane har også gode treningsforhold.

I tillegg til fotballanlegga har kommunen både skyttaranlegg, friidrettsanlegg, kajakkanlegg samt Tysværtunet med fleire flotte innandørsanlegg. Dei siste åra er det bygd mange nye nærmiljøanlegg rundt i kommunen. Dette er små anlegg i bustadområda som er berekna på uorganisert aktivitet.

Idrettsanlegg:

Falkeid Idrettslag - slik finn du fram

Førland Idrettslag - slik finn du fram

Nedstrand Idrettslag - slik finn du fram

Skjold Idrettslag - slik finn du fram

Stegaberg Idrettslag - slik finn du fram

Tysvær kano- og kajakklubb - slik finn du fram

Det er tre idrettshallar i kommunen: Tysværtunet idrettshall, Skjold idrettshall i Grinde og Steinsvik Arena på Frakkagjerd.

Kommunen sin symjehall ligg i Tysværtunet kulturhus.