Tryggleiksalarm er eit hjelpemiddel som etter søknad vert leigd ut til personar med eit vurdert behov. Tenesta er ikkje lovpålagt, men eit tilbod til innbyggjarane som bur eller oppheld seg i kommunen. Tryggleiksalarmen gir abonnenten høve til å få rask bistand ved akutte behov. Alarmen er knytt til heimebaserte tenester som kan rykke ut heile døgnet dersom alarmen går. Føremålet med tenesta er mellom anna å skape tryggleik for den enkelte i eigen heim.

Målgruppe

Tryggleiksalarm gis hovudsakleg til personar:

  • med falltendens, nedsett funksjonsnivå eller som opplev utryggheit
  • med sjukdom eller funksjonsnedsetting som kan trenge akutt hjelp

Pris

Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste.

Per 10.12.19 er eigenandel per månad:

  • inntekt under 3 G: kr. 264,-
  • inntekt over 3 G: kr. 482,-

Skade på tryggleiksalarm og tilhøyrande utstyr vert dekka av eigen innboforsikring.

Lovverk/heimel

Tenesta er ikkje lovpålagt.

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggleiksalarm. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om helse og omsorgstenester