Beskriving

Praktisk bistand (heimehjelp) er ei av fleire tenester som kan tildelast etter søknad og fagleg vurdering av brukaren sitt behov. Personar som på grunn av sjukdom og nedsett helse ikkje klarer dei daglege nødvendige gjeremåla, kan søke om praktisk bistand (heimehjelp).  

Tenesta er regulert i Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester . Satsar for eigenbetaling blir vedtekne av kommunestyret kvart år.  Prisen for praktisk bistand blir bestemt ut frå husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Kommunen sender faktura på etterskot.

Målsetting

Tenesta skal medverke til at brukaren greier mest mogleg sjølv og blir minst mogleg avhengig av andre og vere i stand til å bu heime.

Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og bidra til å gjere vedkomande mest mogleg sjølvhjulpen i høve til eigenomsorg og gjeremål i dagleglivet. Tenesta skal bidra til tryggleik i livssituasjonen søkar er i. Tiltaka skal vere med på å vedlikehalda og ivareta søkars eigenomsorg. 

Målgruppe

Personar som har eit særleg hjelpebehov grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. 

Vilkår

I vurderinga av behovet for hjelp tek ein omsyn til:

  • Evne til å klare nødvendig husarbeid ved å ta tida til hjelp eller ta del i oppgåvene
  • Om det er ektefelle, familie eller andre som kan ivareta eller ta del i oppgåvene
  • Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt

Søknaden blir vurdert etter Helse- og omsorgstejenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav b og Pasient- og brukerrettighetsloven.

Rettleiing

Du kan kontakte Tildelingskontoret i kommunen for å få hjelp til å søke, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søker for deg, må vedkomande ha fullmakt. 

Slik søker du

Søknaden skal sendast til:

Tysvær Kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 94
5575 Aksdal

Tildelingskontoret behandlar søknaden din og fattar vedtak. I samband med saksbehandlinga kan det vere aktuelt å kome på eit heimebesøk.