Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som bur heime og som har opplevd eit funksjonsfall og ikkje meistrar kvardagen som før.

Mål: Målet er at du skal øve deg opp til å greie dei daglege gjeremåla igjen, slik at du kan bu heime og leve eit godt og aktivt liv så lenge som mogleg. 

Målgruppe:

  • Du er over 60 år
  • Du bur heime
  • Du har fått vanskar med daglege aktivitetar og ynskjer å trene deg opp til å meistre desse igjen
  • Du ynskjer å vere mest mogleg aktiv og sjølvstendig
  • Du er motivert

Kva kan vi tilby? Eit tverrfagleg team samansett av fysioterapeut, sjukepleiar helsefagarbeidar og aktivitetskoordinator kjem heim til deg i ei periode på ca. 4 veker og trenar på det som er viktig for deg å meistre i kvardagen din. Dette kan til dømes vere påkleding, matlaging, gå opp trappa,  køyre til butikken, lufte hunden eller noko heilt anna. Mål og tiltak skal bli planlagd saman med deg. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. Eigeninnsats og motivasjon til trening er avgjerande. Aktivitetstrening og hjelp til sjølvhjelp står sentralt.

Kva forventar vi av deg? Du er motivert til å gjere ein innsats for å trene deg opp att, slik at du i størst mogleg grad kan klare deg sjølv i kvardagen. Det er aldri for seint å starte å trene og vere aktiv.

Kva kostar tenesta? Tilbodet er gratis.

Slik søker du: Tenesta kan søkast ved å kontakte Hverdagsrehabiliteringsteamet eller Tildelingskontoret i kommunen.

Du kan også be heimetenesta om å ta kontakt med Hverdagsrehabiliteringsteamet.

Hverdagsrehabiliteringsteamet: Tlf.: 481 14 139
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Adr.: Tysværtunet, Aksdalsvegen 155, 5570 Aksdal

Tildelingskontoret: Tlf.: 52 75 70 40
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Adr.: Tysværtunet, Aksdalsvegen 155, 5570 Aksdal
Søknad:  Søknad om Helse og omsorgstenester

Lover og retningsliner
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester 

Brosjyre: Kvardagsrehabilitering