Tenesta som ofte er best kjend som heimesjukepleie, kan delast inn i to ulike tenester; helsetenester i heimen og personleg assistanse til eigenomsorg. Begge tenestene er for personar som treng nødvendige kommunale helse- og omsorgstenester, anten på grunn av helsemessige årsaker eller på grunn av nedsett funksjonsnivå. Målsettinga er å førebygge, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom eller funksjonsnedsetting, slik at ein kan bu heime så lenge som mogleg. Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og bidra til at ein opprettheld eller får igjen størst mogleg grad av eiga meistring. Tenestene er tilgjengelege heile døgnet.

Helsetenester i heimen kan mellom anna innehalde legemiddeladministrering, psykisk helseteneste, sjukepleiefaglege prosedyrar, medisinske behandlingar eller observasjonar. Tenesta kan også innehalde mellom anna stell av sår eller injeksjonar for personar som ikkje kjem seg til fastlegen.

Personleg assistanse til eigenomsorg kan mellom anna innehalde hjelp og tilrettelegging for å ivareta personleg hygiene, hjelp til å stå opp om morgonen, hjelp til på- og avkleding, samt hjelp ved måltider.

 

Målgruppe

Heimesjukepleie gis hovudsakleg til personar:

  • med særlege hjelpebehov som følgje av sjukdom eller funksjonsnedsetting

  • som ikkje sjølv kan oppsøkja helsehjelp

  • med behov for medisinsk behandling kor det ikkje er nødvendig med heildøgns institusjonsopphald

  • som har behov for pleie og omsorg ved livets slutt


Pris

Tenesta er gratis.

 

Lovverk/heimel

  • Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a: «Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjeneste» 
     
  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd: «kommunen skal sørge for at personer som oppholder seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstjenester»

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt. 6 bokstav a og b: «for å oppfylle ansvaret etter § 3-1 skal kommunen blant annet tilby følgende: hjelp i hjemmet og personlig assistanse»

 

Slik søkjer du:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimetjenester. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknadsskjema: Søknad om helse og omsorgstenester