Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Noreg rett til å ha ein allmennpraktiserende lege som sin fastlege. Fastlegeordninga er frivillig. Dei som ikkje ynskjer å vere del av fastlegeordninga, må sjølv finne ein allmennlege å gå til.

Fastlegane er privatpraktiserande og har driftsavtale med kommunen om å tilby innbyggjarane allmennlegetenester. Dette gjeld også i akutte tilfeller og sykebesøk når det er nødvendig. Fastlegane skal vere tilgjengelege for sine pasientar og skal prioritera desse. Dersom fastlegene er borte, skal det alltid vera vikar tilgjengeleg. 

Fastlegane er bundne av offentleg fastsette egenandel takstar. Legane skal ha prisoppslag på kontoret.

Fastlege kan du byta inntil to gonger årleg. Er du usikker på kven som er din fastlege eller ønskjer du å byta kan du klikke deg inn på helsenorge.no