Støttekontakt er ei teneste som skal gi barn, ungdom, vaksne eller eldre som trenger støtte, hjelp til deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Tenesta skal bidra til å gi den enkelte ein aktiv og meningsfull kvardag saman med andre. For mange er dette tilbodet avgjerande for å kunne delta i kultur- og fritidsaktivitetar. 

Lovverk/ heimel

Støttekontakt er heimla i Helse- og omsorgstenestlova § 3-2 b.  

Slik søkjer du

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak. Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk for å kartlegge heimesituasjonen.

Søknad om Helse- og omsorgstenester