Støttekontakt

Ein støtte-/fritidskontakt er ein person som ynskjer å hjelpa andre med sosial aktivitet og deltaking. Det kan til dømes vera kulturelle aktivitetar, friluftsliv eller anna som er sosialt og meiningsfylt.   

Kva kan eg få hjelp til?

Dette kan variera frå person til person. Nokon treng fylgje til aktivitetar, medan andre til dømes treng nokon å gå ein tur med. Det kjem an på kva ein sjølv har behov for eller som ein synast er vanskeleg å gjere aleine.

Kven kan få hjelp?

Det er ingen formelle krav til å få tildelt støttekontakt. Tenesta er berekna på personar i alle aldrar som har behov for eit slikt tilbod.

Lovverk:

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstjenestelova

Slik søkjer du:

Fyll ut søknadsskjema:

pdf Søknad om Helse og omsorgstenester (104 KB)

Send søknaden til: 

Tysvær kommune
Tildelingskontoret
Postboks 94, 5575 Aksdal

Treng du hjelp til søknadsskjemaet, ring Tildelingskontoret, tlf. 52 75 70 40

Les meir om støttekontakttenesta

Treningskontakt

Dette er eit alternativ til den “vanlege” støttekontakttenesta. Tanken er å vera med å auke fokuset på fysisk aktivitet i kvardagslivet. Treningskontakten skal prøve å skape ei positiv oppleving rundt fysisk aktivitet saman med brukaren, med fokus på meistring.

Treningskontakt er berekna på personar i alle aldrar og i ulik livssituasjon. Det kan vera menneske med fysiske eller psykiske funksjonshemningar, menneske som har behov for praktisk bistand og eller psykiske vanskar. Lovverk og søknadsskjema er det same som for støttekontaktar.