Kva gjer vi?

Folkehelse har lenge vore ei satsing i Tysvær kommune, og har etter innføring av ny Folkehelselov i 2012 fått ytterlegare auka fokus. Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å betre og fremje befolkningas helse gjennom å svekke dei faktorar som medfører helserisiko, og styrke dei faktorar som bidreg til betre helse. Ein viktig innsats er også arbeidet for å utjevne sosiale helseforskjellar hos innbyggarane. Målet med det lokale folkehelsearbeidet er å jobbe systematisk og målretta for at innbyggarane i Tysvær skal oppleve god helse, trivsel og livskvalitet – gjennom heile livet.

Folkehelsearbeidet er forankra i kommunens plansystem, frå kommeplan til virksomhetsplanar, og vert arbeida med kvar dag i ulike sektorar i kommunen. Heile organisasjonen skal fremje folkehelsa innan dei i oppgåver og med dei verkemiddel kommunen er tillagt, som utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting. Kommunen skal også ha løpande oversikt over befolkningas helse og påvirkningsfaktorar for helse, og bruke denne informasjonen aktivt i mål- og planarbeid og iverksetting av folkehelsetiltak.

Folkehelsearbeid er eit lagarbeid, der både offentlig, privat og frivillig sektor bidreg. Eit godt samarbeid på tvers av alle desse sektorane er derfor også ein viktig satsing i Tysvær kommune sin folkehelsepolitikk.

Koordinering

Kommunen skal etter Folkehelselova sette i verk tiltak og samordne virksomheta i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Folkehelsekoordinator er ein av dei som skal være med å sikre denne innsatsen.

Folkehelsekoordinator er organisert i resultatområde Helse og førebygging, men arbeider sektorovergripande og med eksterne sektorar som frivillige lag og organisasjonar, lokalt næringsliv, Rogaland Fylkeskommune, andre kommunar med fleire.

Kontaktinformasjon:

Folkehelsekoordinator: Ann-Kristin Berge Dahle
Telefon: 52758083 / Mobil 97712441
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Rapportar og dokument

Kommuneplanens samfunnsdel 2015-2027 

Folkehelsearbeid i Tysvær kommune og handlingsplan for folkehelse 2017

Folkehelseprofil 2017

Folkehelseoversikt 2016 

Regionalplan for folkehelse 2015-2017

Folkehelselova

Folkehelsemeldingen: Mestring og muligheter. Meld. St. 19, 2014-2015

www.helsenorge.no