I Noreg har born opplæringsplikt, og denne opplæringa må ikkje nødvendigvis skje i offentleg grunnskule.

For å starte heimeundervisning må føresette sende eit informasjonsbrev til kommunen. Heimeundervisning tyder at foreldra underviser eigne barn sjølve. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikke er tilfredstilte, skal kommunen krejve at barnet byrjar i skole.

Tilsyn med heimeundervisning er heimla i Opplæringslova §2-13..

Målgruppe

Foreldre til elevar i grunnskolen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna.

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje kravd formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter.

Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om ein underviser barna til andre, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.

Pris for tenesta

Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.

Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.

Føresette til elevar i grunnskulen kan starte undervising i heimen. Retten til å drive heimeundervisning er heimla i Opplæringslova §2-13.

Permisjon frå pliktig opplæring

Permisjon frå pliktig opplæring er regulert i Opplæringslova §2-11. Sjå Elevpermisjon for meir informasjon.


For permisjon utover 14 dagar (10 skuledager), skal føresette sende søknad om permisjon til skulen.

Dersom permisjon vert innvilga, sender rektor med svaret saman med skjemaet Stadfesting av heime undervisning. Dette skal fyllast ut og sendast til aktuell skule v/rektor før eleven vert teken ut av undervisinga.


pdf icon Skjema for stadfesting av heimeundervisning