Når elevar treng fri frå skulen

Me har frå i haust eit nytt skjema og ny praksis når det gjeld å ta elevar fri frå skulen.

Vedlagt skjema skal bli elektronisk. Til dette er klart må skjema fyllas ut og sendast på mail,eller skrivast ut og leverast kontoret.

Skulen kan gi permisjon i samband med religiøse høgtider og markeringar, representasjon på nasjonalt og internasjonalt nivå og ved særskilde familiehendingar.

Fri i samband med reiser og ferie er ikkje permisjonsgrunn, men føresette bes melda frå om i kva tidsrom eleven blir borte frå skulen.
Les meir i skjema om ansvar og plikter i perioden. Merk at skjema har to sider, side to er mest aktuell for dei fleste.

pdf Søknad om permisjon