Ergoterapi har som formål å fremje kvardagslege aktivitetar for den einskilde. Ergoterapi er eit tilbod til personar som har vanskar med å gjennomføre daglegdagse aktivitetar, eller til personar som står i fare for å få det som følgje av alder, sjukdom, funksjonshemming eller skade.

Kvardagslege aktivitetar er gjeremål som den einskilde finn meiningsfull eller naudsynte i det daglege, i arbeidslivet og/eller i samfunnslivet.

Ergoterapeutane jobbar også med helsefremmande og førebyggjande fokus, som til dømes universell utforming, velferdsteknologi, fallførebygging, kvardagsrehabilitering og anna.