Svebakken er eit flott friluftsområde som er tilrettelagt med båt og diverse utstyr

Plassering/tilkomst Svebakken ligg ved Ålfjorden, i utkanten av Tysvær kommune. Før å komme dit må ein køyre forbi Aksdal, og følge E-134 til Våg, og ta av til E-39 mot Bergen. Etter nokre kilometer kjem ein så til fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland, og på andre sida av vegen kan ein starte fotturen til Svebakken. Ein kan nytte rasteplassen på venstre hand til parkering. Turen ned til Svebakken tek ca. 25 minutt Stien er godt merka, og er ikkje særleg krevjande.

Garden Svebakken

Svebakken ligg nydeleg til heilt nede ved sjøen i Ålfjorden. Til garden høyrer det to naust, og eit fint kai-/badeområde. Elles består området av grassletter og trær, forutan vanleg utmark.

Historie

Det blei drive gardsbruk på Svebakken frå ca. 1840. Tysvær kommune kjøpte plassen i 1976, men på midten av 80- tallet brant bygningane ned og etter det har plassen ikkje vore busett. Ein kan i dag sjå ruinane etter bebyggelsen, og forseggjorde oppmuringar og innhegningar som blei brukt til dyrehald står framleis att.

Bruksområder

På Svebakken kan ein drive mange ulike aktivitetar. Sjøen inviterer til både til bårrtur i robåt, fiske, bading, fange krabber eller ein kan ta ein kanotur. På land er det og mykje å ta seg til. På grasslettene kan ein driv eit utal av leik- og idrettsaktivitetar. Det er gode moglegheiter til grilling/bålbrenning, og det er sett ut bord og benkar i området. Det er og mogleg å overnatte. Elles er det fine turterreng, blant anna merka rundløype, i området.

Området eignar seg godt til aktivitetsdagar, utflukter og leirskuleopphald for skular, barnehagar eller andre lag og foreiningar.

Utstyrsliste Svebakken:

Båtar/kanoar:
1 plastrobåt med årer, 2 kanoar med 4 årer.
Diverse rednings-og flytevestar.

Fiskeutstyr: 3 krabbeteiner, fjordgarn og makrellgarn.

Pris:
Kr. 500,- for organisasjonar frå andre kommunar enn Tysvær, og kr 200,- for privatpersonar. Det er gratis for skular/organisasjonar frå Tysvær kommune.

Nøklar til naust og båt kan hentast i Servicetorget på Tysvær Rådhus

Kontaktperson:
Geir Stakkestad
Tlf. 52 75 75 57
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.