Bygdetun, leirskule og friluftsliv

Naturperla Sandbekken er eit eldorado for dei som søkjer ein stille og roleg stad ein kan utforske på eiga hand. Området er tilrettelagt med turløyper og stiar med ulik grad av opparbeiding. Her finn du ei samling av eldre bygningar. Bygningane representerer ulike tidsepokar og eit av dei har ei særs omdiskutert historie lik mannen Cleng Peerson, "Utvandringa sin far" som er knytt til huset.

Det såkalla Cleng Peerson huset inngår i bygdetunet. Huset var flytta til Sandbekken i samband med at det 17.mai 1983 var 200 år sidan Cleng Peerson vart fødd.

Våningshuset er restaurert og fungerer no som informasjonsbygg. Det er og sett opp ei løe i tilknyting til gardsanlegget. Her er også friluftsscene, eit restaurert kvernhus og ei utmerka badestrand.

I Storavatnet lurer aure og røye. Du kan fiske frå land eller fra båt. Det er eigne O-kart for Sandbekken og vi anbefalar turorientering. Kart kan kjøpast på kulturkontoret. Langs løypene finn du informasjon om skogsdrift, dyre- og planteliv.

Leirskule

Leirskulen er ein sentral del av tilbodet på Sandbekken, med moderne fasilitetar og 28 overnattingsplassar for dei som ynskjer det. I tillegg til leirskulen er det eit kanobygg på området med 10 kanoar og vestar. Det er to hytter på området, med 12 overnattingsplassar i kvar. I Servicebygget er det fire overnattingsplassar.

Ved kanobygget er det grill og volleyballnett. Dersom ein ynskjer å benytta seg av desse tilboda må ein sjølv ta med grillkull og ball. Tilhøva er godt tilrettelagde for funksjonshemma.

For lag og foreningar i Tysvær kommune er det gratis å nytte seg av dette tilbodet.

Utanbygds organisasjonar og skular, samt private kan leige Sandbekken til føylgjande prisar:

Alt: servicebygg, to hytter, kanoar og klatreutstyr   kr. 2000,- (utanbygds organisasjonar) / kr 4000,- (private)
Servicebygg, ei hytte, kanoar og klatreutstyr kr. 1600/3000,-
Servicebygg åleine kr. 1000/2000,-
Kanobygg kr. 750/1500,-
Klatreutstyr pr. sett/dag kr. 60/120,-
Teltplass med reservering av grillar kr. 350/700,-
Vask heile leirskulen kr. 2200,-
Vask servicebygget kr. 1250,-
Vask pr. hytte kr. 500,-


Hugs alltid å avtale pris for utleige!

Prisar er generelt angitt pr døgn, men for lån av servicebygg til møtevirksemd ein kveld er prisen som angitt kr 1000/2000,-. Elles kan ein gjerne avtale pris for halve døgn, til dømes frå fredag morgon til søndag kveld 2 1/2 døgn = kr 2500/5000,-.

Ynskjer du å leige hus eller kanoar tek du kontakt med Servicetorget tlf. 52 75 70 00 eller e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.   

Ynskjer ein å leige anlegget i populære månader som mai, juni og august, bør ein ta kontakt minst 1/2 år i førevegen.

Det er også mogeleg å leige klatreutstyr ved å kontakte Servicetorget.