DET HEITER IKKJE: EG - NO LENGER.

 

HERETTER HEITER DET: VI

Diktet ‘Tung tids tale’ skreiv Halldis Moren Vesaas for omtrent 80 år sidan. Ingen av oss tenkte vel at det nokon gong skulle bli så aktuelt igjen som det var på den tida diktet blei skrive. Men så tok vi altså feil. Plutseleg måtte vi sjå ei uverkeleg tung tid i augo og verkeleg vise at heretter heiter det: vi

Ei veke har gått sidan verda blei snudd på hovudet. Kvardagane er ikkje slik vi er vande til, og kjende og innarbeidde strukturar er sette på vent. Likevel opplever eg ein utruleg entusiasme, iver og ikkje minst - løysingsorienterte elevar, lærarar og føresette. Vi står saman og dreg lasset i lag. Som skulesjef vil eg gjerne takke alle som bidrar så solidarisk til at det går så bra som det gjer.

Kjære elev :

Eg er så imponert over innsatsen du har vist denne veka. Frå å vere ein av fleire elevar i eit klasserom, har du no i stor grad måtte styre di eiga opplæring med noko hjelp frå lærar og sikkert frå mor eller far. Du har vist deg som pliktoppfyllande og tatt medansvar for eiga læring. Denne erfaringa vil me ta med oss når skulekvardagen igjen blir normal.

Vi veit ikkje kor lenge skulane blir stengde. Det kan vere frå eit par veker til månader. I denne tida kan det hende at nokre dagar blir keisame og grå, og du får vonde tankar. Du skal vite at vi bryr oss om deg , og at du kan ta kontakt med lærar, sosiallærar eller andre du har tillit til.

Kjære føresette:

Eg vil tru at denne veka har vore travel. Å skjøtte sitt eige arbeid, hjelpe barna med skulearbeidet og vere saman frå morgon til kveld kan nok røyne på for dei fleste av oss. Likevel merkar me i skulen både positivitet, vilje til tilrettelegging, forståing for situasjonen og at de som føresette spelar på lag og legg forholda til rette for læring og trivsel i heimen. Eg har og fått med meg at de sender positive meldingar til lærarar og leiarar. Det treng dei, og det blir sett umåteleg pris på. 22.03.2020

Tusen takk for at de speler på lag med skulen, sjølv om det til tider krev meir enn nokon kan forvente. I ei tid der mange ikkje får gjort jobben sin så godt som ein kunne ønskje, eller kanskje ikkje veit om ein har jobb når unntakstilstanden er over, er de likevel med på å skape nødvendig struktur og positive dagar for våre ungar og ungdomar.

Kjære lærar:

Min flotte og modige fotsoldat. Du har vist at du er løysingsorientert, kreativ og du snur deg rundt på timen i ein særs krevjande situasjon. Eg trur du gjer dette fordi du bryr deg om elevane dine og vil at dei skal lukkast i den vanskelege kvardagen dei har nå. Innsatsen du gjer, er avgjerande for å halde hjula i gang.

Tusen takk for at de lærarar er så kreative og framoverlente for å gi elevane både emosjonell og fagleg støtte sjølv om ein ikkje kan treffast og gje kvarandre ein fysisk klapp på skuldra eller tørke ei tåre etter friminuttet. Takk for at de bruker digitale verktøy og plattformar på varierte måtar for å snakke med og motivere alle elevane, og legg til rette for læring tilpassa den enkelte.

Kjære andre tilsette i Tysværskulen: Tusen takk til fagarbeidarar, assistentar, PPT-tilsette og alle andre som no gjer ein ekstra innsats for å halde hjula i gong. Takka vere dykk og lærarane føler elevane seg sett i ein utfordrande situasjon og blir i stand til å gjere sin del av jobben.

Kjære rektorar og stab:

De tek ansvar, er fleksible og gir dei tilsette viktig støtte i ein ny og krevjande arbeidssituasjon. Eg er særs stolt av rektorgruppa mi og staben min, som no er med og «rir han av» når det verkeleg står på. De har vore til uvurderleg støtte i ei særs krevjande tid.

Eg er stolt av dykk alle. Vi har skuleleiarar, lærarar, tilsette, føresette og elevar i Tysværskulen som kan og vil – og får det til! Vi må framleis dra i lag.

Kor lenge denne spesielle situasjonen vil vare veit ingen av oss nå. Eg er sikker på at vi skal kome styrka gjennom det uansett, og at vi vil halde fram med å jobbe som eit team også når vi igjen kan leve meir normalt att.

Saman er vi sterke!