De foreldre er inviterte til å få eit innblikk i skulekvardagen på Førland skule. På skulen forgår mykje praktisk, variert og motiverande arbeid, som me ynskjer å vise.

 

Klassane vil vere i sine klasserom, kor det vil foregå vanlege skuleaktivitetar. Hovudfokuset er å synleggjere «vurdering for læring» og god pedagogisk bruk av digitale hjelpemiddel.

 

Det blir eit lite avbrekk kl. 17:40 – 17:50, der foreldre som har elevar i ulike klassar kan flytte på seg.

 

Kl. 18:30 – 19:00 har klassane kveldsmat og kos saman med foreldra i klasserommet eller tilstøytande rom. Me takkar klassekontaktane for å arrangere og fordele oppgåvene her.

 

Me som arbeider på Førland skule er stolte av skulen og arbeidet som blir gjort her. Håper de har anledning å kome. Det blir ikkje skuleskyss, så det reknar me med alle klarer å ordne.

 

Den opne skulen er obligatorisk for elevane. Elevar og tilsette avspaserer ein skuledag for dette arrangementet og julefest på kveldstid 11.desember 2018. Avspaseringsdato skal godkjennast av FAU og SU.

Vennleg helsing

Tone Hatteland                

Rektor
Førland skule