Heimel
Levekårutvalet i Tysvær kommune har fastsett forskrift om felles ordensreglement for skulane i
Tysvær med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-9. Samarbeidsutvalet ved den enkelte skulen får mynde til å vedta utfyllande reglar tilpassa lokale forhold. Ved eventuell motstrid er kommunen sitt ordensreglement overordna det lokale ordensreglementet.
§ 1. Formål
Ordensreglementet i Tysværskulen byggjer på ambisjonen om å gi elevane kompetanse for livsmeistring. Ordensreglementet skal vidare sikre den enkelte eleven sine rettar og plikter så langt dei ikkje er fastsette i lovar og forskrifter. Det felles ordensreglementet skal fremje felles tenking og praksis når det gjeld reglar, reaksjonsformer og saksbehandling.
§ 2. Virkeområde
Ordensreglementet omfattar alle grunnskular i Tysvær kommune.
Tysvær opplæringssenter og Tysvær kulturskule fastset eige ordensreglement.
Ordensreglementet skildrar elevane sine rettar og plikter og inneheld reglar for orden og åtferd, reglar for sanksjonar ved brot på ordensreglementet, og reglar om saksbehandling når slike saker skal behandlast.
Ordensreglementet gjeld i alle samanhengar der skulen har ansvar for elevane, også utanom ordinær skuletid og på alternative læringsarenaer.
Ordensreglementet gjeld i tillegg på skuleveg, også på skulebuss. Eventuelle sanksjonar føreset at den enkelte skulen vert gjort kjent med regelbrotet.
Skulen pliktar å gjere elevar og føresette kjende med ordensreglementet.
§ 3 Elevane sine rettar
Elevane har rett til eit trygt psykososialt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring (§ 9a-3 i Opplæringslova). Dette er føresetnaden for livsmeistring.
Elevane skal også delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som fremjar helse, miljø, tryggleik og læring ved skulen.
Skulane skal involvere elevane i arbeid med lokal utforming av ordensreglement som byggjer på det kommunale reglementet.
§ 4 Elevane sine plikter
Elevane pliktar å bidra til eit trygt psykososialt skulemiljø ved å følgje vanlege reglar i samfunnet for korleis ein oppfører seg.
§ 5 Orden
Elevene skal: Respektere tidsfristar og avtalar. Ha med bøker og nødvendig utstyr til timane Respektere reglar som gjeld for skulearbeid og prøvar/eksamen. Bidra til at det fysiske miljøet på skulen er reint og triveleg
§ 6 Åtferd
Elevene skal: Vise omsyn og respekt for andre (jf. §9a-3 i Opplæringslova). Bidra til arbeidsro i timane. Ikkje ta med gjenstandar som kan opplevast som truande. Vise respekt for andre sine eigedelar. Følgje instruksjonar og beskjedar som blir gitt av skulen sitt personale eller andre som har ansvar for elevane i tida då ordensreglementet gjeld
§ 7 Sanksjonar
Alle sanksjonar skal vere slik at eleven forstår kva for reglar som er brotne, og kvifor skulen må reagere på dette.
Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til regelbrotet. Eleven sin alder og føresetnad for å forstå konsekvensen av eigne handlingar må vurderast. Sanksjonane skal også komme så nær regelbrotet i tid som mogleg.
Kollektiv straff er ikkje tillate. Sanksjonar kan berre bli gitt til den eleven eller dei elevane som har gjort seg skuldige i brot på reglane.
Fysisk refsing eller anna krenkande behandling er ikkje tillate. Pålagt arbeid for å rette opp skade kan ein ikkje sjå på som fysisk refsing.
Ved regelbrot kan skulen nytte følgjande sanksjonar: - Munnleg/skriftleg åtvaring
- Kontakt med heimen, og involvering av føresette
- Pålegg om oppgåver for å rette opp skade som er påført skulen sin eigedom eller eigendelar
(utbetre skadar, rydde søppel, vaske, fjerne tagging o. l.)
- Eleven må vere på skulen før eller etter skuletid for samtale eller utføring av pålagde oppgåver - Endring av tid for friminutt
- Inndraging av o gjenstandar som kan brukast til å gjere skade o gjenstandar som forstyrrar arbeidsro og undervisning
o tobakk og rusmiddel
- Bortvising jf. opplæringslova § 2-10 o frå klasse/gruppe i inntil to timar (reglar for tilsyn gjeld) kan gjerast av lærar o frå skulen, resten av skuledagen
o for lengre tid –inntil tre dagar (berre ungdomstrinnet)
- Nedsett karakter i orden og/eller åtferd, jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 -§ 3-7
- Bytte av klassemellombels eller permanent
- Bytte av skule jf. opplæringslova § 8-1, tredje ledd
- Krav om erstatning - Melde til politiet
Eleven pliktar å overhalde sanksjonen han eller ho er gitt. Viss eleven ikkje overheld sanksjonane, kan det bli gitt nye sanksjonar.
§ 7.1 Nærmare om inndraging
Ulovlege gjenstandar vert leverte til politiet. Andre inndregne gjenstandar vert leverte tilbake til eleven eller eleven sine føresette. Den enkelte skule lagar reglar for dette.
§ 7.2 Nærmare om bortvising
Rektor vedtar bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Andre tiltak/ sanksjonar skal vere vurderte først. Før ein set i verk vedtak om bortvising som inneber at eleven vert sendt heim, skal føresette alltid varslast.
Bortvising kan ikkje nyttast som sanksjon på SFO og leksehjelp då dette er rekna som elevane si fritid.
§ 7.3 Nærmare om erstatningskrav
Ved skade eller hærverk på skulen sine bygningar og/eller eigendelar kan eleven, i tillegg til å bli gitt andre sanksjonar etter ordensreglementet, også bli erstatningsansvarleg, jf. skadeerstatningslova § 1-1. Føresette kan bli erstatningsansvarlege etter skadeerstatningslova § 1-2, andre ledd.
§ 7.4 Fråvær
Ugyldig fråvær er brot på ordensreglementet. Viss ein elev i 1.-3.klasse ikkje møter på skulen og føresette ikkje har meldt frå om dette, vil skulen ta kontakt med føresette. Fråvær skal legitimerast skriftleg fyrste dag eleven er tilbake på skulen.
§ 7.5 Bruk av mobiltelefon
Mobiltelefon skal nyttast i tråd med prinsippa om respekt for psykososialt miljø og arbeidsro. Mobiltelefonen skal ligga avslått i sekken i skuletida, utover dette regulerer skulens tilsette bruk. Reglar for bruk bør utarbeidas i samarbeid med elevrådet.
Uønska bruk fører til inndraging resten av skuledagen.
§ 7.6 Bruk av datautstyr
Skulens tilsette regulerer bruk av datautstyr. Tysvær kommunes IT-reglement skal gjerast kjent for tilsette og elevar. Uetisk bruk fører til sanksjonar jf. §8.
§ 7.7 Sykling
Føresette avgjer om elevane får sykle på skulevegen eller ikkje. Skulens FAU tilrår at elevane kan sykla frå dei er 10år.
§ 7.8 Tobakk og rusmiddel
Det er ikkje tillate å ta med eller bruke tobakk/snus, alkohol eller andre rusmiddel i skuletida eller på turar, arrangement o.l. som skjer i skulen sin regi.
§ 8. Saksbehandling
§ 8.1 Generelt
Behandlinga av brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova § 2-9 og § 2-10, og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova kap. III -kap. VI.
Før ein bestemmer seg for å gi sanksjonar, skal eleven ha høve til å forklareseg for den som tar avgjersla. Denne uttaleretten gjeld i forhold til alle typar sanksjonar.
§ 8.2 Enkeltvedtak
Ved alvorlege regelbrot der det er aktuelt å nytte sanksjonar som bortvising eller permanent bytte av klasse eller skule, må det fattast enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 b.
§ 8.3 Sanksjonar utan enkeltvedtak
Ved avgjersler som ikkje er enkeltvedtak, pliktar skulen å sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg, og at ein eventuell sanksjon vert gitt på eit grunnlag som er forsvarleg i forhold til kva type regelbrot det er. Skulen må vurdere om føresette skal bli kontakta.
§ 9 Tidspunkt for når forskrifta trer i kraft
Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2016