Innskriving og foreldremøte hausten 2019

For å få oversikt over alle barna som er fødd i 2014 som bur i krinsen, og som skal starte opp på Førland skule hausten 2020, må ein ha innskriving no i haust.

Om innskriving

Det blir innskriving onsdag 27.11.2019 kl .09:00 til ca.11:00. Møtestaden er gymsalen, der 4. trinn skal ha eit lite program. Etter programmet tar elevane dei små med seg til klasseromma og har eit opplegg for dei. Foreldra/dei føresette får då diverse informasjon i gymsalen.

Møte for foreldre/føresette

Dag:   Onsdag 27.11.19

Tid:    kl. 09:00- ca.11:000

Stad: Gymsalen, Førland skule

Elevane blir innskrivne om hausten det året dei fyller 5 år.  

Grunnskuleopplæringa startar til vanleg det året barnet fyller 6 år.