Oppfølging i bustad

Tysvær kommune har i samband med «Plan Flyktning» 2016 -2019 vedteke at alle busette flyktningar skal motta individuell bu-rettleiing i heimen sin, og dei skal og få informasjon om å bu i ein bustad i Noreg. Tysvær kommune har miljøarbeider og miljøvaktmester som drar på jamlege heimebesøk og gjennomgår bustadar og gir bu-rettleiing i heimen, dei gir og informasjon på skulen. Tema som vert gjennomgått er blant anna kjelde- og avfallshandtering, vaskemiddel, bruk av kvitevarer, elektrisitet, fukt, lufting, brannvern, og liknande. 

Kontakt oss:
Miljøarbeidar: 941 36 358
Miljøvaktmester: 982 56 970
Busettar/ integreringsrettleiar: 902 61 866

Utleige av privat bustad

Avdeling Flyktningkoordinator har ansvar for å finne eigna bustad til flyktningane som skal busettast. Flyktningar blir busett fortrinnsvis i private utleigebustader. Flyktningane skal sjølv skrive leigekontrakt med utleigar. Busettar/integreringsrettleiar i kommunen kan vera med i prosessen og ved behov tilby tolk for å sikra god kommunikasjon og gjensidig forståing av kontrakten.

Busette flyktningar mellom 18 og 55 år har inntekter i form av introduksjonsstønad etter busetting, og dermed er dei sikra inntekt i ein viss periode. Busette flyktningar kan søke om husleigegaranti hos NAV.

Busettar/integreringsrettleiar har kontakt med tidlegare busette flyktningar som ynskjer å flytte dersom dei til dømes får innvilga familiegjenforening, eller dersom dei har behov for ny bustad av andre grunnar.

Ønskjer du å leige ut ein bustad?

  • Behov for bustad varierer til ei kvar tid. Det er behov for både små og store leilegheiter og nokre gonger hus.
  • Busettar/ integreringsrettleiar har oversikt over kva slags bustadar som trengs til ei kvar tid, og kan derfor foreslå aktuelle leietakarar til personar som ynskjer å leige ut ein bustad, og eventuelt sette dei i kontakt med kvarandre.  

Kontakt oss:

Flyktningkoordinator: 468 18 911

Busettar/ integreringsrettleiar: 902 61 866

Meir informasjon:

https://www.imdi.no/hjelpeflyktninger/leie-ut-bolig/

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/garantidokument-i-husleieforhold/id2480846/