Ønskjer du å ha flyktningar i praksis?

Flyktningane skal få erfaring med arbeidslivet frå starten av busettinga. Eit sentralt virkemiddel i arbeidsretta opplæring er at deltakarane har praksis i arbeidslivet, gjerne i kombinasjon med norskopplæring. Det bør vera god samanheng mellom praksisen og opplæringa. Det er viktig at flyktningen får tilgang til eit norsktalande miljø på arbeidsplassen og at det vert lagt til rette for at han/ho får høyre norsk og får hjelp til å delta i samtalar både i arbeidet og i praten kollegaer imellom.

Deltakarar som skal raskast mulig ut i arbeidslivet skal få ein arbeidstilknytta norskopplæring. Tysvær kommune skal ha gode, relevante praksisplassar til deltakarane sine. Det skal bl.a. vera langsiktige og forpliktande avtaler om praksisplasser i Tysvær kommune og med private bedrifter.

Kontakt oss:

Dersom du ønskjer meir informasjon og/eller er interessert i å tilby ein praksisplass til flyktning kan du ta kontakt med: Programrådgjevar ved Tysvær opplæringssenter: 52 75 80 62 / 954 72 925

NAV Tysvær v/flyktningrettleiar: 482 14 875

Meir informasjon:

https://www.kompetansenorge.no/Norsk-og-samfunnskunnskap/Arbeidsrettet-opplaring/

https://www.imdi.no/introduksjonsprogram/arbeidsretting-av-introduksjonsprogrammet/