Introduksjonsprogram:

  • Deltaking i introduksjonsprogram er ei plikt og ein rettighet for flyktningar mellom 18 og 55 år som vert busett i ein kommune etter avtale med IMDI.
  • Deltaking i introduksjonsprogrammet skal bidra til å gje deltakerane grunnleggande ferdigheter i norsk språk, innsikt i norsk samfunnsliv og dei skal også forberedast til å delta i yrkeslivet eller i utdanning.
  • Introduksjonsprogrammet skal vere individuelt tilpassa kvar enkelt deltakar.
  • Deltakarar i programmet får utbetalt introduksjonsstønad
  • Introduksjonsstønaden svarer til 2 gonger folketrygdens grunnbeløp for deltakarar over 25 år. Deltakerar under 25 år mottar 2/3 av dette.

Introduksjonsprogram i Tysvær:

  • Målet er at kommunen skal legge til rette for gode introduksjonsprogram for den enkelte flyktning som har behov for grunnleggande kvalifisering. Programmet skal ha god kvalitet, gi eit godt grunnlag for vidare kvalifisering og bidra til integrering og tilpassing til det norske samfunnet.
  • Tysvær opplæringssenter organiserer norsk- og samfunnskunnskapsundervisninga og har ansvar for at alle introduksjonsdeltakarar har eit heilårleg og fulltids introduksjonsprogram.
  • Deltaking i introduksjonsprogram er ei plikt og ein rettighet for flyktningar som vert busett i Tysvær kommune etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI).
  • Flyktningar som på eige initiativ flytter til Tysvær kommune har ikkje rett og plikt til introduksjonsprogram, men kan søke om å få delta i introduksjonsprogrammet i kommunen.

Kontakt oss:

Flyktningkoordinator: 468 18 911
Programrådgjevar ved Tysvær opplæringssenter: 52 75 80 62 / 954 72 925

Meir informasjon:

https://www.imdi.no/opplaring-og-utdanning/introduksjonsprogram/

https://www.imdi.no/opplaring-og-utdanning/norskopplaring/

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2003-07-04-80