Frivillig innsats:

  • Mange ønskjer å bidra med frivillig innsats i integreringsarbeid. Dette frivillige arbeidet er viktig for integrering i nærmiljøet.
  • Kommunen ønskjer å samarbeide med frivillige og å ta vare på engasjement som er blant innbyggjarane i kommunen.
  • Frivillig arbeid bidrar til velferd og sosial inkludering og er eit viktig arbeid.
  • Engasjement gir og frivillige gode opplevingar, nettverk, erfaringar og moglegheit til å bruke eigne evner og eigen kompetanse.

Integrering i lokalsamfunn:

  • Flyktningar som nyleg har starta opp i kommunen sitt introduksjonsprogram deltek i «Intro/Kulturtimen» som er eit tiltak i introduksjonsprogrammet. Her kan lag, foreiningar, arbeidsgjeverar, o.l. kome og informere om sitt arbeid og sine tilbod.
  • Tysvær kommune ved kulturkontoret samarbeider til dømes med Tysvær Frivilligsentral og lag og foreiningar i kommunen.
  • Dersom ditt lag/din forening ønskjer meir informasjon, eller at du ønskjer å melde deg som frivillig så kan du kontakte kulturkontoret ved kultursekretær, som kan rettleia deg vidare. 

Kontakt oss:

Kultursekretær: 404 27 676

Flyktningkoordinator: 468 18 911

Meir informasjon:

https://www.imdi.no/hjelpeflyktninger/frivillig-arbeid/

http://tysvaer.frivilligsentral.no/