Alle kommunar i Noreg vel om dei vil busette flyktningar, og det er politikarane i kvar enkelt kommune som avgjer dette. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) sender kommunen ein oppmoding om busetting av eit visst tal flyktningar i kommunen. Politikarane i kommunen må deretter vurdere om kommunen skal busette talet IMDI har sendt oppmoding om, eller eventuelt fastsetje eit anna tal. 

Busetting i Tysvær kommune:

  • Busetting skjer etter avtale mellom Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI), som kontaktar kommunen med konkrete førespurnadar.
  • Dei som blir busett kjem enten frå asylmottak etter at dei har fått innvilga opphaldsløyve i Noreg eller direkte frå utlandet som overføringsflyktningar.
  • Både familiar og einslege blir busett i Tysvær kommune. Einslege blir gjerne busett i bukollektiv.
  • Avdeling Flyktningkoordinator har ansvar for å finne egna bustad til flyktningane som skal busettas.
  • Avdeling Flyktningkoordinator har ansvar for å gi beskjed til andre instansar som arbeider med busette flyktningar, som t.d. barnehage, skule, helse, Tysvær opplæringssenter.
  • NAV Tysvær klargjer (etablerer) bustaden i forkant av busetting ved å kjøpe inn møbler og anna som er nødvendig. Etableringa skal vær av enkel/ nøktern standard, etter sosialtenestelova.

Kontakt oss:

Flyktningkoordinator: 461 88 911
Busettar/ integreringsrettleiar: 902 61 866

Meir informasjon:

https://www.imdi.no/planlegging-og-bosetting/

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-12-18-131?q=sosiale%20tjenester

https://www.imdi.no/introduksjonsprogram/

https://www.imdi.no/norskopplaring/